Skriftleg spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:936 (2004-2005)
Innlevert: 24.06.2005
Sendt: 24.06.2005
Svart på: 30.06.2005 av fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Med kva heimel er det departementet krev at Hå kommune skal betala takstpris dersom kommunen vil overta Obrestad fyr, og er det ikkje i desse dokumenta (St.meld. nr. 33 (1996-97) og St.meld. nr. 28 (2000-2001)) eigentleg lagt til grunn at det er ynskjeleg med avhending til det offentlege og at takstpris er noko som er aktuelt ved avhending til private?

Grunngiving

Eg viser til den dialogen som har vore mellom departementet og kommunen og dei påstandane som er framsette i lokale media, m.a. Stavanger Aftenblad i samband med det. Stortinget har gitt sitt samtykke til ei prioriteringsrekkefølgje slik det kjem fram av St.meld. nr. 33 (1996-97). Det same er teke opp att i St.meld. nr. 28 (2000-2001).

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Dei reglane som nå gjeld for avhending av fast eigedom som høyrer staten til, er fastsette ved kongeleg resolusjon av 19. desember 1997. I St.meld. nr. 33 (1996-97) Vurdering av den gjennomførde nedlegginga av vakthaldet på fyr og i St.meld. nr. 28 (2000-2001) Fyrstasjonene - posisjon og betydning i en moderne navigasjonsinfrastruktur, er reglane for avhending av fast eigedom som høyrer staten til beskrivne. Det er òg gitt eit oversyn over kva for prioritering som skal nyttast når disposisjonsretten til bygningar m.m. kan overførast til andre. I dei to nemnde stortingsdokumenta vert prosedyren for avhending av fyrstasjoner beskrive:

-Takst skal innhentast
- Aktuelle statlege etatar og institusjonar kontaktast med omsyn på overdraging (dette kan gjerast utan vederlag mellom statsinstitusjonar utanfor statens forretningsdrift)
- Kommunar og fylkeskommunar vert kontakta for mogleg overtaking, fortrinnsvis til takst
- Om desse ikkje er interessert, vil ein kontakta organisasjonar med allmennytting føremål
- Til slutt vil ein kunne vurdera sal til private.

I dei administrative retningslinene som Fiskeri- og kystdepartementet har gitt Kystverket er det ein føresetnad at ålmenta får best mogleg høve til å nytte eigedomane. Det er likeeins gjort klårt at avhending som hovudregel skal skje etter offentleg kunngjering og vere basert på marknadspris. I St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Fiskeri- og kystdepartementet heiter det i Kap. 1062 Kystverket Prioriteringer 2005 mellom anna at "Det legges opp til avhending av flere fyrstasjoner i 2005. Dette skal bidra til aktiv bruk av eiendommene. Det budsjetteres med om lag 10 mill. kr i inntekter til staten fra salg av fyreiendommer i 2005". Stortinget slutta seg til dette forslaget. I 2005 har Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket avhenda fleire fyrstasjoner til kommunar, til dømes Eigerøy fyrstasjon til Eigersund kommune til takst (450 000 kr) og Ryvarden fyrstasjon til Sveio kommune til taksten på 750 000 kr. Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa har i spørsmål nr. 936 spurt om det ikkje eigentleg er lagt til grunn at det er ynskeleg med avhending til det offentlege og at takstpris er noko som er aktuelt ved avhending til private. Det er ikkje gjort endringar i reglane for avhenging av fast eigedom som høyrer staten til, og difor må Fiskeri- og kystdepartementet som hovudregel selje fyreigedomar til takst. Ved taksering tek ein omsyn til om til dømes ein kommune som har leigd ein fyreigedom har gjort meir enn vanleg vedlikehald. Dette kan ein ta med i ei totalvurdering. Avhendingsinstruksen krev at sal under takst/marknadspris skal leggast fram for Stortinget.