Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:35 (2005-2006)
Innlevert: 18.10.2005
Sendt: 19.10.2005
Svart på: 26.10.2005 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): I Soria Moria-erklæringa heiter det: "Regjeringen vil stoppe privatiseringen og konkurranseutsettingen av drifts- og vedlikeholdsoppgavene i Jernbaneverket."
Betyr dette at Jernbaneverket sjølve skal ha fullstendig monopol også på arbeid der det i dag er ein godt fungerande marknad av private aktørar?

Grunngiving

Konkurranseutsetting har på mange område vore ein stor suksess. Med den bastante formuleringa i Soria Moria-erklæringa ser det ut som Jernbaneverket skal ha einerett utan omsyn til pris og kostnad, og at omsynet til å få betre og dermed tryggare jernbane for dei pengane vi bruker blir underordna.
Sentrum/Høgre-regjeringa gjennomførte ei historisk satsing på jernbane og hadde ein politikk som fokuserte på investering i infrastruktur kombinert med auka konkurranse. Om ein ikkje førar ein aktiv politikk for å bruke ressursane best mulig, blir påplussingar som dei raudgrøne har lova i samferdselssektoren, slukt av meirkostnader ved dels å reversere omstillingane og dels oppretthalde monopolistiske organisasjonar.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Regjeringa Stoltenberg II vil styrkje jernbana som transportmiddel. Dette skal mellom anna skje ved auka merksemd på at utbygging, vedlikehald og drift av jernbana skal drivast på ein effektiv måte og samstundes ivareta høge krav til tryggleik og kvalitet. Regjeringa legg difor opp til at den type drift og vedlikehald som er viktige for å sikre høg driftsstabilitet og tryggleik på jernbana, og der det i dag ikkje er ein effektiv leverandørmarknad for Jernbaneverket, skal drivast i Jernbaneverkets eigen regi. Dette inneber at den forrige regjeringa sine planer om å sette det beredskapsavhengige vedlikehaldet ut på konkurranse, vert stoppa. Det vedlikehaldet som allereie er konkurranseutsett, og der marknaden fungerar, skal framleis setjast ut på konkurranse. Eg vil arbeide for at Jernbaneverket sin leverandørmarknad for slikt vedlikehald kan utviklast vidare. Jernbaneverket vil framleis ha ansvaret for å tilpasse si eiga bemanning slik at den samla vedlikehaldsverksemda kan drivast så effektivt som mogleg.