Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:59 (2005-2006)
Innlevert: 25.10.2005
Sendt: 26.10.2005
Svart på: 01.11.2005 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kva for positive verknader hadde den forrige ervervslova som vart avskaffa i 2002, kva kostnader medførte lova for næringslivet og det offentlege, og kva kostnader og positive effektar reknar statsråden med vil oppstå ved å innføre ei ny ervervslov?

Grunngiving

Noreg hadde tidlegare, fram til 2002, ei ervervslov. Det var fleire grunnar til at denne lova vart avskaffa. Frå fleire hald vart det hevda at det neppe var positive verknader på næringsliv og sysselsetting i det heile. Kostnadane som lova medførte for næringslivet var derimot store. Andre land som har hatt liknande lover, har avskaffa desse.
Når både Soria Moria-erklæringa og nærings- og handelsministeren seier at "Regjeringa vil innføre en ny og forsterket ervervslov innenfor EØS-avtalens ramme", må vel dette byggje på kunnskap, eller tru på at dei positive verknadene vil vere langt større enn kostnadane.

Odd Eriksen (A)

Svar

Odd Eriksen: Regjeringspartia har allereie i Soria Moria-erklæringa varsla at Regjeringa vil arbeide for å innføre ei ny og forsterka ervervslov innanfor rammene av EØS-avtala. Det aktar eg å følgje opp, og eg tek sikte på å leggje fram ei sak for Stortinget i 2006. Der vil vi drøfte grundig dei spørsmåla som stortingsrepresentant Petter Løvik tek opp.