Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:103 (2005-2006)
Innlevert: 07.11.2005
Sendt: 08.11.2005
Rette vedkommende: Helse- og omsorgsministeren
Svart på: 29.11.2005 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Det er påvist salmonella i kjøt som er som er importert til Noreg frå EU-landet Polen. Funnet av salmonella skjer til tross for at kjøtet det er snakk om er godkjent som salmonellafritt av EU. Dette viser at kontrollen i EU ikkje er god nok.
Vil statsråden ta opp godkjenning av kjøt og kjøtprodukt med dei rette styresmaktene i EU for å hindra at dette skjer igjen?

Grunngiving

I seinare tid har me hatt fleire tilfeller av salmonellasmitte som følge av infisert kjøtt frå Polen. Det er viktig at matvarene i norske butikkar held høg kvalitet. Konsumentane må kunna stola på den kontrollen som er utført.
Ved svikt i merkinga eller kontrollen av matvarer kan følgene bli store. Det er difor viktig å sørga for at matvarer er godt nok kontrollert før dei hamnar i butikkhyllene. Dersom kontrollen utført av EU-organ ikkje er god nok, er det viktig at dette vert påpeika ovafor EU-systemet.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Spørsmålet vert overført frå landbruks- og matministeren.
Med bakgrunn i at det er påvist salmonella i kjøt som er importert til Noreg frå Polen, spør representanten Olav Akselsen om eg vil ta opp godkjenning av kjøt og kjøtprodukt med dei rette styresmaktene i EU for å hindre at dette skjer igjen.

Til den konkrete saka

Ifølgje handelsdokumenta til det aktuelle kjøtpartiet var utvida undersøking for mogleg innhald av salmonella utført før utskipinga til Noreg. Mattilsynet har sendt melding til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) gjennom det felles hurtigvarslingssystemet RASFF. ESA har meldt vidare til EU-kommisjonen, som igjen har meldt frå til medlemsstatane. Mattilsynet opplyser at EU-kommisjonen òg har bede om svar frå polske styresmakter. Departementet og Mattilsynet vil følgje opp saka aktivt. Eg er kjend med at Mattilsynet vil gå grundig gjennom saka, og vurdere aktuelle tiltak frå norske styresmakter si side.

Til regelverket i dag

EU har felles reglar for varsling av helsefarleg mat og fôr. Til dømes: Blir det oppdaga uakseptable smittestoff som salmonella-bakteriar i eit parti med kjøt, skal det meldast frå til EU-kommisjonen. Noreg melder frå gjennom EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). EU-kommisjonen informerer EØS-statane gjennom det felles hurtigvarslingssystemet (RASFF = Rapid Alert System for Food and Feed). EU-kommisjonen kan gi instruksar om oppfølging til tilsynsstyresmaktene i den medlemsstaten der varepartiet er framstilt. Hurtigvarslingssystemet femner òg om mat og fôr importert frå tredjeland.
Kjøtverksemder i Polen er omfatta av dei same generelle reglane som kjøtverksemder i Noreg og i EØS-området elles. For utførsel av ferskt kjøt frå andre EØS-statar til Noreg, Sverige og Finland gjeld i tillegg særskilte reglar som pålegg avsendarverksemda å ta prøver av alle sendingar, og undersøke dei for mogleg innhald av salmonella-bakteriar. Dette er ein del av dei såkalla salmonella-garantiane, som er nedfelt i EØS-retten for alle sendingar til dei tre nemnde landa av visse levande husdyr, visse slag ferskt kjøt og egg på grunn av den gode salmonella-statusen deira. Garantiane skal hegne om dyrehelsa, og skjerme forbrukarane mot auka risiko for salmonella-smitte frå importert kjøt.
Omgrepet salmonella-garanti kan språkleg vere noko villeiande. Salmonella-garantiane grunnar seg på statistisk basert prøvetaking og undersøkingar etter fastsette metodar. Det betyr at ein med ein viss grad av tryggleik (95 pst.) kan påvise salmonella-bakteriar, dersom slike bakteriar er til stades i ein viss andel av prøvene (5 pst.) frå eit undersøkt parti. Undersøkingane kan altså ikkje garantere at eit undersøkt parti er heilt salmonella-fritt. Til dømes kan bakteriane vere ulikt fordelt i partiet, eller vere til stades i små mengder.
Ut frå lovgivinga i EØS-området er det den einskilde verksemda som har hovudansvaret for at ei matvare er lovleg framstilt og omsett, og ikkje kan skade helsa til forbrukarane. Det ligg òg føre ei plikt for verksemdene til å gjennomføre internkontroll og aktivt sjå til at reglane blir følgde. Prøvetaking for å kontrollere kvaliteten på råvarer og sluttprodukt er òg ein del av internkontrollen. Mattilsynet fører tilsyn med den einskilde verksemda, og har mynde til å pålegge verksemdene å sette i verk tiltak dersom dette er naudsynt.
Mattilsynet fører òg tilsyn med samhandelen med land i EØS og import frå tredjestatar. Medan det er kontroll med alle importparti av ferskt kjøt frå tredjestatar, er kontrollen i samhandelen mellom EØS-statane ikkje like omfattande, men basert på stikkprøvar og kontroll ved mistanke om at varer er helsefarlege eller ikkje i samsvar med regelverket. Grunnlaget for dette er at EØS-statane har felles reglar for mat og fôr, og for kontroll.

Til utviklinga i regelverket framover

Som eitt av mange tiltak som følgjer opp EU-kommisjonen si kvitbok om mattryggleik, er det utvikla ny lovgiving om næringsmiddelhygiene og -kontroll. Ei lang rekke gamle rettsakter blir oppheva, og innhaldet blir modernisert og samla i eit fåtal nye rettsakter. Dette gjeld mellom anna regelverket om matvarer frå dyr (mjølk, egg, fisk og kjøt mv.). Den store gjennomgangen av regelverket i EU har òg omfatta salmonella-garantiane.
Salmonella-garantiane for matvarer er nedfelt i fire vedtak og eitt direktiv (kverna kjøt). Dei fire vedtaka er òg gjort gjeldande for Noreg gjennom tilpassingar til EØS-avtalen. Desse garantiane, som både er "spreidde" og etter kvart "gamle", kan vere lite kjende og vanskeleg tilgjengelege, både for verksemder og tilsynsstyresmakter i EØS-statane. Dette er tatt opp av Noreg, Sverige og Finland i fleire møte med EU-kommisjonen.
Som eit ledd i gjennomgangen av lovgivinga i EU er reglane om salmonella-garantiane for matvarer no modernisert, utforma på eit einskapleg vis og samla i ei ny forordning: Kommisjonsforordning (EF) nr. 1688/2005 av 14. oktober 2005 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 853/2004 i forhold til særskilte garantier når det gjelder salmonella for forsendelser til Finland og Sverige av visse typer kjøtt og egg. Den nye forordninga trer i kraft i EU frå 1.1.2006. Eg tek sikte på at ho òg vil bli del av EØS-avtala med tilpassing for Noreg, etter dei naudsynte EØS-prosedyrane.
Det er i seg sjølv eit stort framsteg at regelverket blir moderne, einskapleg og samla. Eg trur at eit lettare tilgjengeleg regelverk er viktig for verksemdene og styresmaktene. For å få til betre etterleving og kontroll inneheld den nye forordninga eigne modellar for handelsdokument og sertifikat som avsendarane skal nytte for å stadfeste at undersøkingar er gjennomførte. På same vis som tilsynsstyresmaktene i Sverige og Finland, vil Mattilsynet ha særskilt merksemd på at dette regelverket blir etterlevd.
Det er eit faktum at fleire land i EØS-området har ein større førekomst av salmonella enn Sverige, Finland og Noreg. Dette er jo sjølve grunnlaget for salmonella-garantiane. Det er gledeleg at EU set i verk fleire nye tiltak for å minke førekomsten av matbårne sjukdommar, til dømes salmonellose og campylobacteriose. Ny lovgiving om kontroll med og nedkjemping av zoonosar trer i kraft i EU frå 1.1.2006. Det same gjeld den nye lovgivinga om mikrobiologiske kriterium for mat. Eg tek sikte på at desse rettsaktene òg vil bli del av EØS-avtalen, etter dei naudsynte EØS-prosedyrane.
Til slutt vil eg igjen nemne hovudprinsippet i matlova om at verksemdene er pålagt eit sjølvstendig ansvar for å sikre at dei ikkje omset varer som kan utgjere ein helsefare. Ansvaret gjeld både å unngå at det blir framstilt eller importert matvarer som kan utgjere ein helsefare, og ikkje minst å trekke helsefarlege varer attende frå marknaden. Eg vil framheva kor viktig det er at verksemdene kjenner til og tek på seg ansvaret sitt.