Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:109 (2005-2006)
Innlevert: 09.11.2005
Sendt: 09.11.2005
Svart på: 16.11.2005 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Støttar statsråden forslaget om å flytte fiskekvotar frå linebåtar og trålarar til kystflåten?

Grunngiving

Dei fleste fiskeriministrane har siste åra følgt tilrådingane frå Reguleringsrådet. Dette har vore med å skape ein stabilitet som næringa har bedt om. Samansetninga av Reguleringsrådet er så brei at råda derifrå er godt forankra i næringa. Stabilitet i fordelinga har også vore sjølve grunnlaget for dei struktureringsprosessane som har foregått dei siste 20 åra.
Det har den siste tida kome fleire ulike signal fra den nye regjeringa og frå fiskeri- og kystministerens eige fylkeslag og andre fylkeslag i Arbeidarpartiet om fordelinga. Det vert mellom anna foreslått å svekke kvotegrunnlaget for havfiskeflåten til fordel for kystflåten. "Arbeiderpartiet i Nord-Norge ber fiskeriministeren vurdere om autolineflåtens fangstandel skal regnes som inkludert i havfiskeflåtens andel, slik at vi får en ønsket dreining av større fangstandel til kystnær flåte", heiter det mellom anna i ei fråsegn som kom for kort tid sidan. Soria-Moria-erklæringa gjev heller ikkje noko godt og klart svar på kva for ein kurs den nye regjeringa vil leggje seg på i fordelingspolitikken.
Når det stadig kjem ulike utspel frå raudgrøne miljø utan at desse blir klart tilbakeviste, skaper dette ei uvisse om framtida som er svært uheldig for norsk fiskerinæring og for kysten vår. Fiskeri- og kystministeren har peika på at det er ho som må avgjere fordelinga og at ho ønskjer sterkare politisk styring. Stadige uklare signal skapar unødig uvisse. Vi treng ei rask avklaring.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Dagens ressursfordeling mellom flåtegruppene i den norske fiskeflåten er eit resultat av ein politikk som har blitt ført gjennom mange år. For å sikre stabilitet i fiskerinæringa er det viktig at denne politikken ligg fast over tid. Kvotefordelinga har dei siste åra i praksis blitt fastsett etter omfattande prosessar som inneheld behandling av spørsmålet i fiskarane sine organisasjonar og Reguleringsrådet, og politiske vurderingar under ulike regime.
Eg har ingen planar om å endre praksis på dette området, og ressursfordelinga mellom flåtegruppene ligg såleis fast.