Skriftleg spørsmål fra Sonja Irene Sjøli (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:166 (2005-2006)
Innlevert: 24.11.2005
Sendt: 24.11.2005
Svart på: 06.12.2005 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Sonja Irene Sjøli (H)

Spørsmål

Sonja Irene Sjøli (H): I NRK-nyhetene 21. november kom det fram at Oslo legevakt ønsker tillatelse til å benytte kollektivfelt under utrykning, men Statens vegvesen er avvisende. Bruk av kollektivfeltet vil kunne bidra til bedre service overfor pasientene, og legene kan behandle flere. De taper i dag verdifull tid, og i noen tilfeller fører det til økt bruk av sykebil.
Vil samferdselsministeren sørge for at Oslo legevakt får adgang til å benytte kollektivfeltet ved utrykning, og derved sikre befolkningen en tryggere og bedre service?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Det går fram av skiltforskrifta og trafikkreglane kva køyrety som kan nytte kollektivfelt. Av desse føresegnene følgjer det at kollektivfelt kan nyttast av buss, eller av buss og drosje, og dessutan av elektrisk eller hydrogendrivne motorvogner (motorvogner med nullutslepp), motorsykkel, moped, sykkel eller uniformert utrykkingskøyrety.
Trafikkreglane har ikkje heimel for å gje andre køyrety enn dei som er særskild nemnde i føresegna rett til å nytte kollektivfelt. Korkje Statens vegvesen eller andre kan gje dispensasjon slik at til dømes legevaktbilar kan køyre i kollektivfelt. Bakgrunnen for dette er ønskja om å ha reglar som er klåre og eintydige både for trafikantane og dei som skal handheve føresegnene.
Legar i legevaktbil kan i særskilde tilfelle nytte seg av naudretten, og på bakgrunn av denne køyre i kollektivfelt. Dette vil kunne bli etterprøvt, og då er det viktig at det til dømes ved AMK-sentralen er registrert ein naudrettssituasjon. Det vil elles vere naturleg at det ved livstruande tilhøve nyttast ambulansar som er godkjende og registrerte som utrykkingskøyrety. Desse har som nemnt rett til å køyre i kollektivfelt. Legar i kommunal legevakt har i perioden 1. mars 2002-1. mars 2005, som ei prøveordning dei sjølv har bede om, hatt moglegheit til å søkje fylkeslegen om å få godkjend og registrert bilane sine som utrykkingskøyrety. Eg vil framheve at det da òg har vore krav om at legar, som alle andre som vil nytta utrykkingskøyrety, må ta opplæring og prøve i utrykkingskøyring. Ved evaluering av ordninga i haust, har Statens vegvesen ved kontakt til landets fylkeslegar fått opplyst at det berre har vore ein søknad om utrykkingsstatus. Denne blei avslått av fylkeslegen. Det er på denne bakgrunnen teke kontakt med helsestyresmaktene for å få deira kommentar til prøveordninga og den manglande bruken av ordninga. Eg finn grunn til å nemne at representantar for ei rekkje ulike brukargrupper og køyrety dei siste åra har ønskt rett til å bruke kollektivfelt. Dette gjeld mellom anna bilar med funksjonshemma med og utan rullestol, straumleverandørane sine servicebilar, servicebilar som skal utbetre feil ved bomstasjonsanlegg, gravferdsfølgjer, bodbilar og bilar som blir brukte i godstransport. Alle desse har trekt fram gode argument for å kome raskare fram.
Som det vil ha gått fram, vil det måtte gjerast ei endring av trafikkreglane dersom også andre køyrety, for eksempel legevaktbilar, skal få høve til å bruke kollektivfelt. Før det blir gjort ei eventuell endring av trafikkreglane, bør det gjerast ei generell vurdering av i kva omfang også andre enn dei som i dag kan køyre i kollektivfeltet, skal få køyre der. Vegdirektoratet har opplyst at dei vil gjera ei slik vurdering i løpet av 2006. Eg vil difor sjå Vegdirektoratet si vurdering før eg tek stilling til om eventuelt andre køyrety skal få tilgang til kollektivfelt. Ei slik vurdering kan òg munne ut i at køyrety som i dag har tilgang til kollektivfelt, mistar denne retten.