Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:315 (2005-2006)
Innlevert: 05.01.2006
Sendt: 05.01.2006
Svart på: 10.01.2006 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): I tillegg til fire landsdekkande såkornfond skal det etablerast fire distriktsretta fond med noko betre vilkår. Regjeringa har fått fleirtal for at tre av desse skal etablerast frå Namsos og nordover.
Kva vil statsråden gjere for at det fondet som skal etablerast sør for Nord-Trøndelag skal kome næringslivet i alle dei sørnorske distriktsfylka til gode?

Odd Eriksen (A)

Svar

Odd Eriksen: To av dei fire distriktsretta fonda skal etablerast i Sør-Noreg. Eg tek sikte på at eit av fonda i Sør-Noreg skal etablerast i Namsos og investere i Nord-Trøndelag og sørover. Lokaliseringa av det andre fondet er ikkje vedteke.
Opprettinga av dei vedtekne såkornfonda har høgste prioritet. Ei god løysing for fonda inneber mellom anna rammevilkår som både EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, og investorar godtek. For dei landsdekkjande og dei to distriktsretta fonda i Nord-Noreg er vi nær ved å finne ei løysing som både investorar og ESA kan akseptere.
Det er fleire utfordringar ved dei distriktsretta fonda i Sør-Noreg. Gjennom god dialog mellom departementet og dei involverte partane vil eg sørgje for at næringslivet i Sør-Noreg får tilgang til såkornfond. Nærings- og handelsdepartementet møtte som eit ledd i dette, 3. januar 2006 moglege forvaltarar av fonda for å få innspel til tiltak som gjer at fonda kjem desse næringssvake områda til gode. Departementet vil òg i framtida halde kontakt med involverte partar.