Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:335 (2005-2006)
Innlevert: 12.01.2006
Sendt: 12.01.2006
Svart på: 19.01.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Forsking og utvikling av effektive vaksiner var ut gjennom 90-talet med på å redusere ein omfattande bruk av antibiotika i laksenæringa med om lag 98 pst. Trass i dette slit ein med ettervirkningar på omdømmet når det gjeld medisinering. Det er nyleg blitt kjent at det nå blir brukt store mengder antibiotika i norsk torskeoppdrett.
Korleis kan statsråden bidra til at vi kan få den same positive nedgangen i medisinbruk i denne delen av næringa?

Grunngiving

Viktigaste salsargumentet for norsk sjømat er kvalitet. Det er svært viktig at det ikkje kan bli skapt tvil om kvaliteten på produkta frå denne viktige vekstnæringa.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Eg deler dei fleste synspunkta til stortingsrepresentanten Peter Løvik. Ein mogleg auke i bruken av antibiotika som følgje av veksten i torskeoppdrett er noko vi har sett eit par års tid. Det totale forbruket av antibiotika i oppdrett har variert mellom ca. 600 og 1 200 kg dei siste åra. Noko nyttast til behandling av sjukdom hos laksefisk og noko til behandling av sjukdom hos marine arter, først og fremst torsk. Foreløpige tal for 2005 tyder på ein reduksjon i forhold til forbruket i 2004. Samstundes er eksporten av torsk nesten tredobla. Bruken av antibiotika i oppdrettsnæringa er såleis framleis svært låg, også innan torskeoppdrett - likevel høgre i torskeoppdrett enn i lakseoppdrett om ein ser i forhold til det som blir produsert. Dette er ikkje unaturleg ved oppstarten av ei ny næring, men likevel ei utfordring for utvikling av næringa.
Når det må brukast antibiotika mot sjukdom hos oppdrettstorsk, er det viktig at forbrukarane kan stole på at det ikkje er rester av medisin i torsken når den slaktast. Dette blir kontrollert av Mattilsynet som får melding om alle reseptar på antibiotika til oppdrettsfisk. Mattilsynet (og før det Fiskeridirektoratet) har sidan 1998 hatt eit særskilt overvakingsprogram der dei tek stikkprøver av slakta fisk utan at det enno er funne restar av antibiotika eller andre legemidlar i norsk oppdrettsfisk.
Eg vil gjera følgjande for å få ned bruken av antibiotika:

1) Stimulere til forsking på sjukdom og vaksinar mot sjukdom hos torsk

Dei vaksineringsstrategiane og vaksinane som nyttast mot sjukdom hos oppdrettstorsk i dag er ikkje effektive nok til å halde forbruket av antibiotika i torskeoppdrett like lågt som i lakseoppdrett. Dette har vi peika på i St.prp. nr. 1 (2005-2006). Behovet for å utvikle vaksiner er nemnd som eit særleg forskingsbehov ved ein auka satsing på oppdrett av marine arter. Dette er gjenteke i tildelingsbrevet til Forskningsrådet for 2006 frå Fiskeri- og kystdepartementet. Gjennom Handlingsplan for torsk i oppdrett 2001-2010 har Innovasjon Noreg og Forskingsrådet til no brukt 5-10 mill. kr årleg for å utvikle betre vaksiner og auke kunnskapen om sjukdomar hos torsk.

2) Utvikle betre statistikk over forbruket av antibiotika

Fram til 2004 hadde Fiskeridirektoratet oversikt over bruken av antibiotika hos dei ulike oppdrettsartane for heile landet. Dei noverande datasystema i Mattilsynet har ikkje synt seg egna til få ut ein slik statistikk. Dette har Mattilsynet lova å rette på, slik at det vil vere mulig å få fram slike oversikter i løpet av 2006. I tillegg har Helse- og omsorgsdepartementet saman med Landbruks- og matdepartementet og mitt departement starta eit arbeid med å etablere eit veterinært legemiddelregister. Her er målet å registrere all rekvirering av legemidlar for bruk på dyr, inkludert fisk, spesifisert på kva art det er skrive ut til og kva sjukdom det er brukt i mot.

3) Utvikle overvakingssystem for helse- og sjukdomstilstanden hos torsk

Per i dag finst ikkje noko heilskapleg system for å overvake helse- og sjukdomstilstanden i fiskeoppdrett. I St.meld. nr. 19 (2004-2005) og i St.prp. nr. 1 (2005-2006) har vi peika på behovet for eit slikt system, for å blinke ut sjukdomar som er viktige for næringa og betre kontrollen med dei. Eit slikt system vil bli utreda i løpet av 2006.

4) Oppfølging av regjeringa sin tiltaksplan mot antibiotikaresistens (2000-2004)

Denne tiltaksplanen er felles for det veterinærmedisinske og det humanmedisinske fagmiljøet. For å redusera bruken av antibiotika angir den mellom anna behov for å etablere kompetansesentra for antibiotikabruk og for å utvikle retningslinjer for slik bruk. Eg vil følgje opp denne planen saman med dei andre involverte departementa.