Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:413 (2005-2006)
Innlevert: 31.01.2006
Sendt: 01.02.2006
Svart på: 06.02.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Sentrum-høgreregjeringa sette i gong eit program med satsing på fleire gassferjer. Fleire strekningar i Romsdal var svært aktuelle for slike ferjer. Det blir nå reist tvil om den nye, raud-grøne regjeringa vil følgje opp dette.
Kva vil statsråden gjere for at dei strekningane som snart skal lysast ut på anbod i Romsdal får gassferjer?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Det er ei stor utfordring for Noreg å oppfylle krava etter Göteborg-protokollen. Krava er at Noreg skal redusere utsleppa av NOx med 30 pst. innan 2010.
Det er viktig å redusere NOx-utsleppa i skipsfarten, og gassdrivne ferjer har som kjent gode miljøeigenskapar. Styresmaktene vil likevel i praksis ha mangelfull informasjon om kva for teknologi og/eller reinsetiltak som er mest kostnadseffektivt for den einskilde aktør. Dette er kunnskap som aktørane sit inne med. Bruk av avgift som verkemiddel vil føre til at aktørane tilpassar seg slik at utsleppa blir redusert til så låg kostnad som mogleg. I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) er det derfor gjort greie for at Finansdepartementet arbeider med å utgreie ei avgift som er differensiert etter utslepp av NOx. Opplegget byggjer med andre ord på teknologinøytralitet. Dette er òg i samsvar med merknadene frå fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen til budsjettet for 2006. Komitéfleirtalet (alle unnateke Framstegspartiet) ber mellom anna "Regjeringen vurdere om det bør stilles krav om bruk av naturgass eller annen miljøvennlig teknologi på sambandene som planlegges lagt ut på anbud". Det er med andre ord miljøeigenskapen som er viktigast. Også den førre regjeringa la vekt på teknologinøytralitet.
Ei eventuell avgift på utslepp av NOx gjer at investeringar i renseteknologi, inkludert gassdrift, blir meir aktuelt. Dersom avgifta har eit riktig nivå, vil såleis aktørane velje den mest effektive løysinga utan at det vert sett krav om bestemt teknologi i utlysingane.
Mykje er framleis usikkert med omsyn til den framtidige avgiftsordninga og verknaden av ho i ferjedrifta. Eg har derfor bede Vegdirektoratet om ei vurdering av kostnader og miljøeffektar ved gassdrift samanlikna med dieseldrift. Desse vurderingane vil verta ein viktig del av grunnlaget når spesifikasjonen skal fastsetjast for dei sambanda som skal lysast ut i nær framtid.