Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:653 (2005-2006)
Innlevert: 20.03.2006
Sendt: 21.03.2006
Svart på: 29.03.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Rådgivande ingeniør Ragnar Hagen i Måløy har lagt fram ein kalkyle av meirkostnaden ved å auke tverrsnittet på Stad skipstunnel. Ein auke i forhold til tidlegare planar slik at også dei nye hurtigrutene kan passere, vil etter denne kalkylen vere om lag 88 mill. kr.
Vil statsråden medverke til at også eit slikt alternativ blir vurdert når saka om Stad skipstunnel blir lagt fram for Stortinget?

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: I St.prp. nr. 1 (2005-2006) er det gjort greie for status og vidare opplegg i forhold til utgreiingar om Stad skipstunnel. Her kjem det fram at det i 2001 blei ferdigstilt eit forprosjekt for ein skipstunnel gjennom Stad, og at ei konsekvensutgreiing blei sendt på høyring. Det har seinare vore orientert om Stad skipstunnel i St.prp. nr. 1 for Fiskeri- og kystdepartementet, og i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015.
Forprosjektet bygger på anlegg av ein 1 800 meter lang tunnel gjennom den smalaste delen av Stadlandet mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Selje kommune. Tunnelen er dimensjonert for fartøy opp til om lag 5 000 brutto tonn, dvs. fartøy som normalt er opp til 8 meter djuptgåande, 18 meter breie eller høgde over vatn på 20 meter.
Seglingshøgda og -breidda i den prosjekterte løysinga er basert på ei optimalisering av tunneltverrsnittet i forhold til trafikken som vil ha størst nytte av tunnelen, og ein føresetnad om at båtane som ikkje kjem igjennom tunnelen er så store at dei kan gå utanfor Stad også i dårleg ver.
Dersom tunneldimensjonen skal endrast vil det vere behov for nye utgreiingar av prosjektet.
I forhold til eksempelvis hurtigruta vil det mellom anna vere naudsynt å utgreie hydrauliske forhold i seglingskanalen, krav til bredde som følgje av større lengde på fartøya som seilar i tunnelen, krav til breidde ved krenging, auka krav til ventilasjon, auka krav til styrke og høgde på fenderverk, auka krav til rømmingsveg, og tryggleikskrav ved manøvrering i, inn og ut av tunnelen.
Ei endring av prosjektet i tråd med dei nemnde elementa vil gjere det naudsynt å gjere nye kostnadsrekningar, og foreta ei ny kvalitetssikring av prosjektet. I tråd med opplegget i forprosjektet blei det gjort ei kvalitetssikring av Terramar i 2003, som tilrådde ei kostnadsramme for prosjektet på 1,060 mill. kr.
Det lar seg ikkje gjere på kort varsel å gjere nye kostnadskalkylar for eit prosjekt med auka tunneldimensjonering i tråd med føresetnadane presentert over. Eg har likevel lagt fram saka for Kystdirektoratet. Basert på føresetnadane om at ca. 70-80 pst. av kostnadane er bundne til tunnelens volum og tverrsnitt (fjellarbeid, massedeponering, fenderverk m.m.) og eit proporsjonalt forhold mellom volum/tverrsnittauke og kostnadsauke, kan det anslåast ein kostnadsauke for prosjektet med opp til 390 mill. kr viss tunnelen skal dimensjonerast for hurtigruta. Eg vil streke under at dette berre er eit laust anslag. Eg vil vidare streke under at ei dimensjonering av ein skipstunnel for større fartøy enn vi tidligare har lagt til grunn, vil gjere nye nautiske utgreiingar og tryggleikskrav som nemnt over, naudsynte.