Skriftleg spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:665 (2005-2006)
Innlevert: 24.03.2006
Sendt: 27.03.2006
Svart på: 31.03.2006 av barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Barnetrygd er den største og viktigaste overføringsordninga til barnefamiliane og eit sentralt verkemiddel for å kompensere for meirutgiftar knytte til å forsørgje barn. Eg har blitt kontakta av ein mann som jobbar for ein norsk ideell organisasjon, og er gift med ein utanlandsk statsborgar.
Kva må til for at barnet deira skal ha rett til barnetrygd frå Noreg når dei bur på Madagaskar?

Grunngiving

Barnetrygd er i hovudsak forbeholdt barn busett i Noreg. Når ein norsk statsborgar bur og arbeidar utanfor EØS-området, kan ein likevel i nokre tilfeller få barnetrygd etter søknad. Unntak kan bli gjeve dersom barnet og den eller dei barnet bur fast saman med under utanlandsopphaldet, er pliktige eller frivillige medlemmer i folketrygda. Både unntaksreglane og krava til medlemskap i FFU gjer regelverket for barnetrygd komplisert. Eg har forstått det slik at dersom ei kvinne som er norsk statsborgar, og som er gift med ein utanlandsk statsborgar får barn og er i lik situasjon, vil ho få barnetrygd. Dette kan opplevast som diskriminerande, når forsørgjarsituasjonen er lik.

Karita Bekkemellem (A)

Svar

Karita Bekkemellem: Barnet må som hovudregel vere busett i Noreg for at barnetrygd skal kunne betalast ut. Eit barn som blir født medan mora oppheld seg i utlandet, blir rekna for å vere busett i Noreg dersom mora er å rekne som busett her eller oppfyller krava om medlemskap i folketrygda etter barnetrygdloven § 5. Barnetrygdloven § 5 gir rett til barnetrygd under utanlandsopphald for familiar som er medlemmer i trygda etter folketrygdloven §§ 2-5 eller 2-8.
Eit barn som ikkje lenger blir rekna som busett i Noreg, kan likevel få barnetrygd. Det er da eit krav at både barnet og den barnet bur fast hos under utanlandsopphaldet er medlemmer i folketrygda etter folketrygdloven §§ 2-5 eller 2-8. Dersom barnet bor i utlandet med begge foreldra sine, må barnet og begge foreldra vere medlemmer i folketrygda.
Eg kan nemne at departementet har heimel til å gi forskrift som gjer unntak frå kravet om at begge foreldra må vere medlemmer i folketrygda. Spørsmålet om å gi ei slik forskrift blei drøfta i høyringsnotat frå departementet vinteren 2005. Det er enno ikkje teke avgjerd om å gi forskrift som gjer unntak frå kravet om medlemskap for begge foreldra eller om kven som eventuelt skal omfattast av ei forskrift.