Skriftleg spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:666 (2005-2006)
Innlevert: 24.03.2006
Sendt: 27.03.2006
Svart på: 05.04.2006 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg har blitt kontakta av frivilligsentralane i Rogaland som ønskjer støtte til eit prøveprosjekt med samarbeid og vidareutvikling av det lokale arbeidet. Samarbeids- og utviklingsforumet for Rogaland ser båe potensial for stordriftsfordelar samt ubrukte menneskelege ressursar i fylket som kan nyttast til dette høvet. Kristelig Folkeparti ønskjer at frivilligsentralane kan utvekslast vidare til å bli sektorovergripande nærmiljøsentralar.
Korleis kan frivilligsentralane få midlar til samarbeid og vidareutvikling?

Grunngiving

Det er viktig å leggje til rette for lokalt engasjement og å skape gode vilkår for lokal frivillig innsats. Frivilligsentralane skal vere møteplassar og kraftsenter for eit mangfald av frivillig virke i samarbeide med menneske, lag/organisasjonar og det offentlege.
I statsbudsjettet for 2006 vart det løyva midlar til mellom anna kompetanseutvikling og evaluering av sentralane. Det er viktig at arbeide med kompetanseutvikling blir prioritert slik at sentralane vert lokale kraftsentra.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Det er løyva totalt 66,9 mill. kr til frivilligsentralar i 2006. Inntil 3,6 mill. kr av den delen av løyvinga som ikkje går til driftstilskot til sentralane, kan nyttast til informasjon, kompetanseutvikling, rådgjeving, evaluering m.m. primært knytt til frivilligsentralane (St.prp. nr. 1 (2005-2006)).
Departementet har i 2005 i samarbeid med aktuelle partar utarbeida nye retningsliner for frivilligsentralane. Dei nye retningslinene fokuserar på utvikling av frivilligsentralane til møteplassar med mangfald og breidde i frivillig virke i samarbeid med einskildpersonar, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og det offentlege m.m.
Tilskotet til kompetanseutvikling av frivilligsentralane er knytt til:

- Eit nettverk som driv erfaringsbasert kollegarådgjeving av daglege leiarar i frivilligsentralane. Det er nå 35 nettverksgrupper leia av nettverksleiarar som har fått opplæring i å være kollegarådgjevar. Deltaking i nettverksgruppene er eit tilbod til alle daglege leiarar av sentralane. Føremålet med nettverket er å gjere dei som deltek betre rusta til å utføre alle dei ulike arbeidsoppgåvene og utfordringane som dei møter i eigen sentral.
Nettverkleiarane er fordelt på fire regionar og har ansvaret for å arrangere regionkonferansar og møter i regionane. Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for å gjennomføre to møter i året med nettverksleiarane i regionane.
- Årlege regionkonferansar for daglige leiarar og styrerepresentantar for frivilligsentralane (4 konferansar). Siktemålet med konferansane er å spreie ny kunnskap, idear og erfaringsutveksling og nettverksbygging. Konferansane blir planlagt og gjennomført av nettverksleiarane i regionen.
- Årlige oppstartkonferansar for nye frivilligsentralar. Dette tilbodet er for dagleg leiar/eigarrepresentantar. Målet med tiltaket er å bidra til ei god etablering og drift av sentralane.
- I samarbeid med Høgskulen i Volda er det utvikla et nettstudium "Frivillig og offentlig" som går over fire semester, og som til saman gir 60 studiepoeng. Målgruppa har vore daglege leiarar av frivilligsentralar.

Kompetansetiltak for frivilligsentralane er retta inn mot å styrke og utvikle den einskilde frivilligsentral sin kompetanse gjennom å bygge på erfaringar og kunnskap i frivilligsentralane i nettverka, i fylka og i regionane. Eg er av den oppfatning at ei slik innretning av kompetanseutviklinga styrker både den einskilde sentral og frivilligfeltet på ein betre måte enn om kompetansemidlane skulle tilførast den einskilde sentral direkte, noko som t.d. ville gi ca. 13 000 kr i året pr. sentral.