Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:834 (2005-2006)
Innlevert: 02.05.2006
Sendt: 03.05.2006
Svart på: 10.05.2006 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Frå reiselivsnæringane er det kome fram kritikk mot at ein for liten del av løyvingane til reiseliv gjennom Innovasjon Norge blir brukt til konkrete tiltak. Det blir hevda at mesteparten går til utgreiingar, planlegging, konsulentar, reising, løn og anna drift.
Er statsråden samd i denne kritikken, og kva vil han gjere for å rette på dette misforholdet?

Grunngiving

Sentrum-/Høgreregjeringa la sommaren 2005 fram ein handlingsplan for reiselivsnæringane. Målet var å sette fokus på potensialet og utfordringane for reiselivet. Det vart også fokusert på at innsatsen skal styrkast både innanfor profilering, innovasjon, kompetanse og samarbeid. Handlingsplanen vart følgt opp med auka løyvingar, noko også den nye regjeringa og Stortinget slutta seg til. Det har kome kritikk mot måten løyvingane til reiseliv gjennom Innovasjon Norge blir bruk på. I Dagens Næringsliv 2. mai blir det hevda at berre 25 mill. kr av 122,5 mill. kr i reiselivsseksjonen i Innovasjon Norge i fjor vart brukt til operative tiltak. Dette har ført til sterk kritikk frå næringane.

Odd Eriksen (A)

Svar

Odd Eriksen: For 2006 er det løyvd 172,5 mill. kr til satsing på fremje av reiselivet i Noreg over kap. 2421 post 71. I tillegg til denne løyvinga kjem bidrag frå reiselivsnæringane på om lag 95 mill. kr. Totalbudsjettet for reiselivsavdelinga i Innovasjon Norge blir da på 267,5 mill. kr.
Av dette er det for 2006 budsjettert med 65 mill. kr til administrative kostnadar i Innovasjon Norge. Dette er 1 mill. kr mindre enn for 2005 sjølv om den statlege løyvinga er auka med 72,5 mill. kr. Av dette vil 30 mill. kr gå til å dekke timeverk for operative prosjekt, 10 mill. kr vil gå til administrasjon og leiing av reiselivsavdelinga i Innovasjon Norge samt drift av utekontora. Det vil vidare bli brukt 10 mill. kr til infrastruktur (som datautstyr, leige av linjer, kommunikasjon med meir) og det vil bli brukt 15 mill. kr til kostnader knytt til stab og støttefunksjonar i frå andre avdelingar i Innovasjon Norge.
Oversikta viser at det frå 2005 til 2006 ser ut til å bli ein nedgang i den delen av løyvinga til profilering som går til administrative føremål. Det er ei utvikling eg finn rett, og som eg er glad for.
Regjeringa satsar på reiseliv. Eg er oppteken av at dei offentlege løyvingane skal brukast saman med reiselivsverksemdene i konkrete prosjekt for å fremje lønsemd og omsetning i næringa. Eg vil følgje nøye med i disponeringa av dei statlege løyvingane for å sikre dette.