Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:859 (2005-2006)
Innlevert: 08.05.2006
Sendt: 08.05.2006
Svart på: 12.05.2006 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kan ein, med bakgrunn i lov om introduksjonsprogram og ynskjet om raskast mogeleg kvalifisering til arbeid eller vidare utdanning og best mogeleg integrering i lokalsamfunnet, se dette som ei akseptabel løysing og ikkje minst om 3 timars busstur kvar dag verkeleg kan godkjennast som ein del av introduksjonsprogrammet flyktningane skal gjennomføre?

Grunngiving

Volda og Ørsta kommunar har i mange år kjøpt tenester i form av norskopplæring med samfunnsfag for flyktningar og andre innvandrarar i kommunane hjå Møre Folkehøgskule i Ørsta. Her har integreringsarbeid, språkpraksis og språkopplæringa gått hand i hand, elevane har vore svært nøgde og Ørsta/Volda har vorte attraktive busetjingskommunar for denne gruppa.
Av ulike årsaker, m.a. innføring av introduksjonslova (september 2004) og ny tilskotsordning (september 2005) måtte avtalen reforhandlast, noko som resulterte i at norskopplæringa vart lyst ut på anbod. I anbodsdokumenta står det at undervisninga bør lokaliserast til Ørsta/Volda.
Med bakgrunn i innkomne tilbod valde administrasjonen i kommunane å gje tilbodet til Hareid Ressurssenter, som vil gjennomføre undervisninga i Hareid kommune. Reisetida på om lag 3 timar pr. dag vil dei legge inn som ein del av introduksjonsprogrammet (noko anna vil naturleg nok medføre store praktiske vanskar, særleg for dei som har omsorg for born, evt. andre familiemedlemmer, og som vanskeleg kan vere borte frå heimstaden så mange timar pr. dag). Det høyrer med at både Hareid Ressurssenter og Møre Folkehøgskule hadde tilbod der undervisinga skulle lokaliserast i Ørsta.
Dette har vekt sterke reaksjonar lokalt; i elevgruppa, mellom fagfolk innanfor undervisning av minoritetsspråklege, mellom andre aktørar som driv med ulike former for integreringsarbeid i lokalsamfunnet og mellom lokalpolitkarar som ikkje har vore involverte korkje i utforming av anbodsdokumenta eller avgjerdsprosessen.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Føremålet med introduksjonsordninga er å styrkje mogelegheitene for nykomne innvandrarar til å delta i yrkes- og samfunnslivet, og den økonomiske sjølvstenda deira, jf. § 1 i introduksjonslova. I tråd med dette overordna føremålet skal introduksjonsprogrammet ta sikte på å gi grunnleggjande ferdigheiter i norsk; førebu for deltaking i yrkeslivet og gi grunnleggjande kunnskap om norsk samfunnsliv, og programmet må minst innehalde norskopplæring, samfunnskunnskap og tiltak som førebur for vidare opplæring eller tilknyting til yrkeslivet, jf. § 4 i introduksjonslova.
Introduksjonslova lister opp tre minstekrav til innhaldet i programmet. Kva for eit omfang kvar av dei tre krava skal ha, må ein avgjere på grunnlag av kva den einskilde har behov for, for å kunne nå det overordna føremålet med lova. Alle tiltaka må ha eit innhald som bidrar til måloppnåing og må kunne grunngjevast ut frå føremålet med ordninga. Det er kommunen som i samarbeid med den einskilde som må fastsette det konkrete innhaldet. I løpet av programtida må ein ha gitt tilbod i samsvar med minstekrava. Innhaldet vil kunne endre seg i løpet av programperioden. I den første tida er det rimeleg å leggje vekt på norskopplæring for etter kvart å bruke meir tid på andre tiltak. Arbeidet med å førebu deltakarane på programmet, bl.a. kartlegging av bakgrunn og kompetanse, kan gå inn som ein del av programmet.
Programmet skal vere heilårleg og på full tid. For program som består av aktivitetar utan krav til førebuing eller etterarbeid, er norma 37,5 time pr. veke. For program som består hovudsakeleg av opplæringstiltak med betydeleg eigenaktivitet, førebuing og etterarbeid, skal 30 timers veke reknast som full tid. Programmet kan vare i inntil to år, og når særlege grunnar taler for det i inntil tre år.
Eg vil understreke at alle tiltak må bidra til kompetanseoppbygging og kunnskapsheving og dekkje den einskilde sitt behov for grunnleggjande kvalifisering. Reise til og frå opplæringsstaden bidrar ikkje til dette, og kan difor ikkje vere eit tiltak i programmet. Ved å leggje reisetida inn i programmet vil deltakarane få eit tilbod som ikkje er i samsvar med introduksjonslova. Når ein utformer programmet, bør ein i tillegg så langt det er mogeleg leggje prinsippa i arbeidslivet til grunn, og der reknast ikkje til vanleg reise som ein del av arbeidstida.
Spørsmålet om kor lang reisetid som er rimeleg er ei vurdering som kommunen må gjere i samarbeid med programdeltakarane der ein tar omsyn til omsorgsplikter, kor mykje for- og etterarbeid programmet krev og at deltakarane skal ha fritid.
Departementet har bede Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om å følgje opp denne saka. IMDi har fått i oppgåve å iverksetje og til å bidra til å utvikle integreringspolitikken overfor nykomne innvandrarar. IMDi skal bidra til at kommunane har den nødvendige kunnskapen om introduksjonslova med forskrifter og å gi kommunane kunnskap om metodar som kan fremje kvaliteten på tilbodet.