Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:892 (2005-2006)
Innlevert: 16.05.2006
Sendt: 18.05.2006
Svart på: 29.05.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Norske fiskeriorganisasjonar har ved fleire høve peika på dei store og aukande problema med å skaffe arbeidskraft. Rekrutteringa skjer i konkurranse med mellom anna offshore og utanriksfart som har eigne nettolønsordningar. Dette svekkjer fiskeria i konkurransen om arbeidskrafta.
Kva vil statsråden gjere for å sikre rekrutteringa til fiskeflåten, og vil statsråden vurdere konkrete tiltak for å redusere konkurranseulempa som fiskerinæringa har?

Grunngiving

Nettolønsordningane som har blitt etablert dei siste åra har vore med på å sikre konkurransedyktige vilkår for norske sjøfolk. Såleis har virkningane vore positive. Ordningane skaper imidlertid problem for fiskerinæringa som til dels konkurrerer om same mannskapa. Den sterke auken i offshore og den auken som vil kome dei neste åra gjer rekrutteringssituasjonen til fiskeflåten nesten uhaldbar. Enkelte flåtegrupper slit verre enn andre, men det er eit generelt problem for næringa at det er vanskeleg å få tak i folk til fiskeflåten. Særleg offshore kan i mange tilfelle tilby betre løn og betre friordningar enn fiskeria. Fiskarorganisasjonane peikar på at når dette skjer med subsidiar frå staten, vert det eit paradoks.
Det kan vere fleire ulike måtar å sikre fiskeflåten meir rettferdig konkurranse om arbeidskrafta. I tillegg til å vurdere lønnsordningane slik mellom andre Norges Fiskarlag har bedt om, kan ein vurdere fiskarfrådraget, vurdere avskrivningssatsane for fiskefartøy eller andre verkemiddel som kan bøte på konkurranseulempene i høve til andre aktørar som ein konkurrerer med. Utdanning av nok kvalifisert personell er ei utfordring som også må takast på alvor både av næringa og av myndigheitene.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Refusjonsordninga for sysselsetting av sjøfolk vart innført som ei midlertidig ordning i 1993. Ei meir omfattande refusjonsordning vart etablert i 1994. Stortinget vedtok å innføre ei nettolønnsordning for passasjerskip i utanriksfart i NOR med verknad frå 1. juli 2002 og ei nettolønnsordning for offshorefartøy i NOR med verknad frå 1. juli 2003. Refusjonsordninga vert forvalta av Sjøfartsdirektoratet på grunnlag av regelverk fastsett av Nærings- og handelsdepartementet.
I henhold til Forskrift om forvaltning av tilskudd til sysselsetting av norske sjøfolk er formålet å legge til rette for maritim verksemd. Tilskotet skal sikre norsk maritim kompetanse og rekruttering av norske sjøfolk, og i tillegg bidra til at norske rederi har konkurransedyktige rammevilkår i forhold til vilkåra i andre land. Det har vore brei politisk eining om ordningane blant skiftande regjeringar og storting.
Sjølvsagt er fiskeflåten ein viktig del av den maritime kompetansen i Noreg, og fiskeflåten konkurrerer med anna skipsfart om mannskap og kompetanse. Ei rekkje problemstillingar er likevel ulike for fiskeflåten og skipsfart for øvrig. Dette gjeld både i forhold til nasjonale og til internasjonale rammevilkår.
Den norske fiskeflåten har fått eksklusiv adgang til å fiske på våre nasjonale ressursar, og har såleis eit beskytta næringsgrunnlag. Skipsfarten opererer i ein open, global marknad med stor konkurranse internasjonalt. Rammevilkåra er dermed i utgangspunktet svært forskjellige.
Internasjonalt regelverk legg på same måte som i Noreg til grunn at dette er separate næringar. I EU er retningslinjene for statsstøtte spesielle med hensyn til verfts- og skipsfartsnæringa.
Rammevilkåra og støtte til fiskerinæringa må derfor vurderast i ein annen kontekst enn rammevilkåra og støtte til dei øvrige næringar. Konsekvensane av eit galt eller for høgt støttenivå vil kunne være utjamningsavgifter på fiskeprodukt. I forhold til EU er det derfor særleg forholdet til dei generelle statsstøttereglane som vil være samanlikningsgrunnlaget for regelverksutviklinga på dette området i Noreg.
På den andre sida er det i stor grad same mannskap og kompetanse fiskeflåten og øvrig skipsfart konkurrerer om, og eg har forståing for at det kan vere sårt å miste dyktige sjøfolk til veksande, attraktive næringar. Kompetansen som ligger i fiskerinæringa er ikkje noko mindre viktig for Norge enn øvrig maritim kompetanse. Eg vil fokusere på rekruttering og kompetanseoppbygging av ungdom til næringa. Eg har også registrert ønsket om å vurdere størrelsen på fiskarfrådraget i lys av konkurransesituasjonen.
Regjeringa sitt mål er at Noreg skal være eit godt land å drive næringsverksemd i, og marin sektor er eit næringsområde der vi har stor kunnskap og naturgitte fortrinn. I den samanheng er det viktig at vi tar vare på all erfaring og kompetanse som er bygd opp gjennom generasjonar, også i fiskeflåten. Eg vil arbeide for ei berekraftig og lønsam fiskerinæring, som både no og i framtida skal være ein konkurransedyktig og god arbeidsplass.