Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:897 (2005-2006)
Innlevert: 16.05.2006
Sendt: 18.05.2006
Svart på: 24.05.2006 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kva er statsrådens grunngjeving for å overføre skogbrukets tilskotsmidlar frå statsbudsjettet til jordbruksavtalen, og meiner statsråden det er eit godt virkemiddel for å skape engasjement og optimisme i skognæring?

Grunngiving

Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 2005 bad Stortinget Regjeringa leggje fram forslag til ein strategi for auka skogavvirking i Norge. Dette vart svært positivt motteke i skognæringa og næringsorganisasjonane har engasjert seg sterkt i strategiprosessen.
Tilskotsmidlane i skogbruket er eit av fleire virkemiddel for å oppnå auka avvirking. I statens tilbod til bøndene har Regjeringa foreslått å auke bevilgninga med 40 mill. kr og dessutan overføre tilskotsmidlane i skogbruket til jordbruksforhandlingane. Skogbrukets eigne organisasjonar tar ikkje del i desse forhandlingane og strategisk utforming av viktige virkemiddel for skognæringa blir dermed flytta til ein arena utanfor næringa. Derimot blir jordbruket sin posisjon, gjennom Norges Bondelag og Noregs Bonde- og småbrukarlag, styrka. Det kan neppe vere rimeleg at andre organisasjonar med andre prioriteringar heretter skal få større innverknad på utviklinga i skogbruket.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Delar av løyvinga til Landbrukets utviklingsfond (LUF) blei frå budsjettåret 2004 flytta ut av jordbruksavtala, under dette tilskotsmidla til skogbruket og bioenergiprogrammet. Dette blei gjennomført av den førre regjeringa for å avgrense forhandlingstema under jordbruksforhandlingane til dei midla som blir direkte utbetalte til næringsutøvarane. Ei splitting av postar på LUF mellom statsbudsjettet og jordbruksavtala har altså vore situasjonen i tre år. Mi vurdering er at dette ikkje var ei hensiktsmessig endring.
Eit viktig argument for å flytte tilskotsmidla til skogbruket og bioenergiprogrammet tilbake til jordbruksavtala er å få ei meir ryddig forvaltning av utviklingsfondet. Eg meiner òg det er viktig å kunne sjå tiltaka som blir finansierte utafor og innafor jordbruksavtala meir i samanheng. Det gjev auka fleksibilitet å kunne sjå skogbruksmidla som ein del av det totale verkemiddelapparatet overfor landbruket. Om lag 80 pst. av skogareala er i privat eige og ein dominerande del er gardsskogbruk. Det ligg etter mi meining eit stort ansvar hos bøndene om å bidra til ei langsiktig og berekraftig forvaltning av skogareala. Dei bør såleis også vere med å drøfte omfanget og utforminga av verkemidla retta mot skogbruket.
Dette inneber ikkje at skogeigarorganisasjonane blir sett på sidelina. Dei vil ha den same opninga for ein dialog med departementet om tilskotsmidla som tidlegare. Skognæringa og næringsorganisasjonane har engasjert seg sterkt i utarbeidinga av ein nasjonal strategi for auka avverking. Dette samarbeidet vil halde fram uavhengig av flyttinga av tilskotsmidla til jordbruksavtalen. Vi vil og invitere skognæringa til å komme med synspunkt på fordelinga av den framforhandla auken i løyvinga til skogbruk og bioenergi på 20 mill. kr. For skogbruket er omfanget av støtta viktigare enn kva for post på statsbudsjettet (innafor eller utafor jordbruksavtala) midla kjem frå. Alle kategoriar skogeigarar vil kunne få støtte frå ordningane som tidlegare.
Auken i løyvinga til skogtiltak og bioenergi inngår i ein vidareutvikling av den nasjonale skogpolitikken og ei betring av støtteordningane til skogbruket, slik Regjeringa varsla i Soria Moria-erklæringa. Eg trur dette vil bidra til å skape engasjement og optimisme i skognæringa.