Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:65 (2006-2007)
Innlevert: 17.10.2006
Sendt: 18.10.2006
Svart på: 27.10.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Meiner statsråden at Regjeringa har tatt nok ansvar på si kappe for å godtgjere kystringnot det dei vart lova og ikkje fikk i St.meld. nr. 20?

Grunngiving

I St.meld. nr. 20 slås det fast at avkorting og frigjorte kvoter refordelast til samtlige fartøy i same lengdegruppe. Så langt eg kan sjå, har ingen rederi i kystnot fått tillegg i sine kvoter på grunn av strukturgevinst, samtidig som man har sleppe inn mange nye fartøy, noe som er positivt då fleire får delta i å forvalte ressursen.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Grunngjevinga for spørsmålet er at det i St.meld. nr. 20 vert slått fast at avkorting og frigjorte kvoter refordelast til alle fartøy i same lengdegruppe. Det vert hevda at ingen reiarlag i kystnot har fått tillegg i sine kvoter på grunn av strukturgevinst. Samtidig har ein sleppe inn mange nye fartøy, noko Jacobsen seier er positivt då fleire får delta i å forvalte ressursen.
Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført drifts- og strukturordningar for kystflåten. Hensikta med ordninga er blant anna å søke å tilpasse fangstkapasiteten til kvotegrunnlaget utan at den relative fordelinga endrast. Ved starten på året var berre fylka Finnmark, Troms og Sogn og Fjordane med i driftsordninga. 16. april blei ordninga utvida til å gjelde heile landet.
I kondemneringsordninga for fartøy under 15 meter og strukturkvoteordninga for fartøy over 15 meter vart det sagt at strukturgevinsten skal komme dei andre fartøya i lengdegruppa til gode. Dette er blitt gjort, men gjennom forskjellige tilnærmingar.
Strukturgevinsten kan fordelast ved å foreta ei justering av kvotefaktorane i stigen tilsvarande strukturgevinsten innanfor den enkelte gruppa. Alternativt kan ein la kvotefaktorane vere faste og la strukturgevinsten framkome gjennom at kvoteeininga blir større sidan gruppekvota dividerast på færre kvotefaktorar etter strukturering enn før strukturering.
Det er valt ulik tilnærming innan dei forskjellige fiskeria. Innanfor gruppe I (torsk, hyse og sei) har ein valt å auke kvotefaktorane for fartøya. Kvotefaktoren for eit fartøy mellom for eksempel 10 og 10,9 meter var 2,09 ved innføringa av drifts- og strukturordninga, denne blei økt til 2,13 i 2005 og 2,16 i 2006. Denne aukinga skyldast utelukkande den kondemnering som blei gjort i gruppa 10 - 14,9 meter i disse åra. Eit fartøy mellom 20 og 20,9 meter fekk inga endring i kvotefaktor frå 2004 til 2005, men blei auka frå 8,51 til 8,64 frå 2005 til 2006 på grunn av strukturkvoteordninga i gruppa 15-20,9 meter. Endringar i faktorane gjerast berre dersom endringane er av ein viss størrelse, derfor vert det ikkje gjort endringar frå 2004 til 2005 i gruppe I (torsk, hyse og sei) for fartøy mellom 15 og 27,9 meter.
Innanfor dei andre fiskeria som er omfatta av drifts- og strukturordninga har ein valt å ikkje endre faktorane, men har latt strukturgevinsten tilfalle fartøya ved at kvoteeininga er justert opp som følgje av strukturgevinsten. Dette kjem fram av sakspapira til Reguleringsrådet, sjå for eksempel sak 20/2005 "Regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i 2006", side 9 der ein tar utgangspunkt i samla faktor i gruppa ved berekning av fartøykvoten, og sak 21/2005 "Regulering av fisket etter makrell i 2006", side 15, der man i tabell 10 tar omsyn til at 14 deltakaradgangar er utveksla i forbindelse med strukturkvoteordninga.
Eventuelle endringar i sum kvotefaktorar som skyldast strukturkvoter og kondemnering som skjer i løpet av reguleringsåret etter at reguleringane er fastsett i november/desember året før, må eventuelt takast høgde for gjennom refordelingar i løpet av året. I år vart dette for eksempel gjort for fartøy mellom 15 og 27,9 meter innanfor gruppe I (torsk, hyse og sei) 27. mars. Refordelinga innanfor makrellnot over 13 meter den 23. oktober er også delvis grunngitt i endringar i sum faktorar som følgje av strukturering.
Som du ser er dette litt teknisk, men inneber med andre ord at det er gitt utteljing også for kystringnot, og dei har fått det dei vart lova i St.meld. nr. 20, men gjennom forskjellige tilnærmingar for dei ulike fiskeria.
Eg vil til slutt understreke at refordelingar i løpet av året i hovudsak er forårsaka av ei svakare utvikling i fisket enn forventa, og har ingenting med strukturordningar å gjere.