Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:200 (2006-2007)
Innlevert: 14.11.2006
Sendt: 15.11.2006
Svart på: 24.11.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Dersom våt snø legg seg samstundes på dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane, og det samstundes er helg, risikerer dei reisande til og frå fylket å stå utan flytilbod i fleire dagar. Årsaka til dette er manglande helgeberedskap blant teknikarane, noko som også kan gå på sikkerheita laus.
Kva vil statsråden gjere for å unngå helgestenging ved våre regionale flyplassar grunna våt snø på rullebane, og manglande helgeberedskap blant teknikarane som kan løyse "våt-snø"-problema ved desse flyplassane?

Grunngiving

Sist søndag opplevde ein at knappe 10 centimeter nysnø hindra fly i å lande på Førde Lufthamn Bringeland. Årsaka til dette er manglande helgeberedskap blant teknikarane som kan løyse "våt-snø"-problemet.
Per Hauge, som er driftsansvarleg for Flynavigasjonstjenesta (FNT) i Avinor i Hordaland og Sogn og Fjordane, stadfestar ifølgje avisa Firda at ein er utan slik helgeberedskap på flyplassane i Sogn og Fjordane, og det er heller inga helgevaktordning ved dei andre regionale flyplassane.
Hauge sette sjølv i gang ein prøveperiode for helgeberedskap for nokre år sidan, men etter eit års tid opphøyrte ordninga. Ordninga fungerte rimeleg bra i høve til ressursane ein hadde å setje inn. At ordninga ikkje vart vidareført skuldast ein omstillingsprosess i Avinor, og at ein skulle spare pengar, seier Per Hauge til avisa Firda.
Manglande helgeberedskap vil også kunne få konsekvensar for sikkerheita for dei reisande til og frå dei regionale flyplassane, og regulariteten kan verte skadelidande.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg legg til grunn at det i spørsmålet vert sikta til problem som oppstår når det fell våt snø på innflygingsanlegga, og tilgangen på teknikarar som kan rette opp dette. Spørsmålet har vore lagt fram for Avinor.
Avinor opplyser at våt snø kan føre til at innflygingsanlegga koplar seg ut. Dersom det ikkje er mogleg å fly visuelt eller nytte alternativt innflygingsutstyr, fører dette til at flya ikkje kan lande. (Nokre flyplassar har alternativt innflygingsutstyr, blant anna Førde, men dette utstyret krev høgare vêrminima, dvs. større høgd på skydekket.) Snø på innflygingsanlegga går såleis ikkje ut over tryggleiken, men fører til kanselleringar og dermed dårlegare regularitet. Ifølgje Avinor er våt snø og bortfall av signal frå landingsutstyret likevel ei av dei meir sjeldne årsakene til kanselleringar. Dei hyppigaste årsakene er vêrforholda og forhold i flyselskapa sjølve.
Innflygingsanlegga blir drivne av flynavigasjonstenesta i Avinor. Avinor opplyser at det til saman er fire ingeniørar som dekkjer flynavigasjonstenesta ved lufthamnene i Sogn og Fjordane. Ifølgje avtale mellom flynavigasjonstenesta og lufthamnene skal retting av feil på innflygingsanlegga som oppstår utanom normal arbeidstid, utbetrast neste dag. Dette inneber at det ikkje kan garanterast at feil som oppstår etter normal arbeidstid måndag til fredag og i helgane, blir retta utan opphald.
I 2001 vart det innført ei midlertidig heimevaktsordning for dei fire ingeniørane i flynavigasjonstenesta i Sogn og Fjordane. Ordninga vart oppheva i samband med kostnadsreduksjonsprogrammet Take-off-05. I dag finst det i staden ei utrykkingsavtale med ingeniørane. Avtala inneber at dersom ein får tak i ein ingeniør utanom arbeidstida, skal vedkomande møte, så lenge ein held seg innanfor krava til arbeidstid i arbeidsmiljølova.
Avinor opplyser at det i ein periode vart nytta lufthamnbetjentar til å børste snø av innflygingsanlegga og kontrollere at dei fungerte igjen. Avinor har tolka forskrift om flynavigasjonstenesta som tok til å gjelde 1. januar 2003, at slikt arbeid berre kan utførast av kvalifisert personell (autoriserte ingeniørar).
Avinor opplyser at selskapet vil kontakte Luftfartstilsynet for å finne ut om det under gitte føresetnader er mogleg å la anna personell utføre avgrensa oppgåver på innflygingsanlegga utanom den ordinære arbeidstida for ingeniørane. Avinor opplyser òg at selskapet vil vurdere behovet for ei beredskapsordning for ingeniørane i flynavigasjonstenesta på nytt.
Eg vil leggje vekt på at ein finn gode og praktiske løysingar som sikrar god regularitet ved flyplassane også i helgane.