Skriftleg spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:335 (2006-2007)
Innlevert: 11.12.2006
Sendt: 12.12.2006
Svart på: 19.12.2006 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Er statsråden kjent med den aktuelle stenginga ved fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus i jule- og nyttårshelga, og finn statsråden stenginga rimeleg sett i lys av Soria Moria-erklæringa?

Grunngiving

Helse Førde har gjort vedtak om stenging av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus i jula. Bakgrunnen for at styret i Helse Førde har gjort vedtak om stenging, er økonomisk grunngjeve. Styret har stipulert ei innsparing på 200 000 kr.
Stengingsperioden er frå 22. desember 2006 kl. 15.00 til og med 2. januar 2007 kl. 07.30; altså 1 1/2 veke.
I denne perioden er det rekna med om lag +/- 15 fødslar frå regionen.
Leiaren i regionrådet i Nordfjord, ordførar Silden i Vågsøy kommune, har uttalt at nettoinnsparinga kan bli null; dette fordi utgifter til transport til alternative sjukehus, opphaldsutgifter o.a., samt ev. utgifter til "konkurrerande" helseforetak, vil påløpe i ein slik grad at vinninga går opp i spinninga. Kommunelegen i Vågsøy har skriftleg gitt ein uttale som stadfestar dette. I tillegg kjem dei menneskelege kostnadene, både for dei som skal føde og pårørande.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: I Nasjonal helseplan 2007-2010 legg eg særskilt vekt på at det skal vere ei heilskapleg og samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselteneste. I tråd med Soria Mora-erklæringa skal vi oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod. Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, og arbeidet med å betre arbeidsdelinga mellom sjukehusa skal vidareførast. Det skal også sikrast nærleik til fødetilboda, og det er lagt opp til ein desentralisert modell for svangerskaps- og fødselsomsorga. Dette kjem eg også til å følgje opp i styringsdialogen med dei regionale helseføretaka.
Eg er kjend med at Helse Førde HF stengjer fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus i jula. Det er viktig at den gravide får god informasjon om kvar ho kan føde. Vidare er det viktig at ho får vite dette så tidleg som råd i svangerskapet, slik at ho i god tid før fødselen kan velje eit anna sjukehus som har kapasitet til å gi eit godt og forsvarleg fødetilbod. Eg er gjort kjend med at Helse Førde HF allereie i september sende ut brev til alle fastlegar og helsestasjonar og informerte om stenginga i jula og ba dei om å varsle dei gravide dette ville gjelde.
Kvaliteten på svangerskaps- og fødselsomsorga er sentralt for den tryggleiken kvinnene opplever i ein av livets mest sårbare situasjonar. Eg vil i denne samanhengen vise til at Statens helsetilsyn gjennomførte eit landsomfattande tilsyn i 2004, og som mellom anna konkluderte med at Noreg er eit av dei tryggaste landa å føde i. Dette skulle gi oss tryggleik for at fødetilbodet gjennomgåande er av god kvalitet, sjølv om det også er område som trengs å betrast.
Dei regionale helseføretaka skal sørgje for nødvendige spesialisthelsetenester til befolkninga i eigen region. Eg har tillit til at Helse Førde HF og Helse Vest RHF har vurdert at det samla fødetilbodet til dei gravide i Helse Førdes opptaksområde er fagleg forsvarleg, og gir nødvendig kvalitet og tryggleik.