Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:368 (2006-2007)
Innlevert: 18.12.2006
Sendt: 18.12.2006
Svart på: 04.01.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Etter at Posten flyttet sin omlastingssentral frå Florø til Ålesund, har verksemder i Nordfjord kome utanfor den såkalte garantisona. Konsekvensane er at ein ikkje er garantert levering før kl. 09.00 neste morgon. Ifølgje verksemder i dette området har dette fått alvorlege konsekvensar for dei.
Kva vil statsråden gjere for at verksemder i Nordfjord kan kome innanfor garantisona, slik at dei er garantert at Postens ekspressleveransar over natt vert levert dei før kl. 09.00 neste morgon?

Grunngiving

Etter at Posten la ned sin omlastingssentral i Florø, og flyttet denne til Ålesund, har verksemder i Nordfjord kome utanfor den såkalte garantisona. Innanfor denne garantisona er ein garantert at ekspressleveransar over natt vert levert mottakar før kl. 09.00 neste morgon. Ifølgje verksemder i dette området har omlegginga av denne ordninga resultert i alvorlege konsekvensar for dei.
Mange har ein kvardag der dei har avtaler med sine kundar med svært knappe tidsfristar for leveringa av varer. Konsekvensane dersom dei ikkje held inngått avtaler er store, og kan i mange tilfelle resultere i tapte leveransar og kanskje dagmulkt. Det er difor viktig og heilt avgjerande at desse verksemdene har ordninga som dei kan stole heilt på når det gjeld å sikre seg at dei får tak i komponentar/varer som dei måtte mangle for å kunne levere fullt ut ordren som dei har inngått med sine kundar. Dei vil då kunne oppleve å vere i den situasjon at dei manglar eitt eller anna, som dei må få levert frå sine leverandørar ekspress over natt, og kunne vere sikre på at Posten sin garantiordning med levering før kl. 09.00 neste morgon er å stole på.
Då omlastingssentralen tidlegare låg i Florø, var dette ikkje noko problem i det heile. Ein var sikra at ekspressleveransar over natt vart levert av Posten heilt i tråd med garantiordninga.
Ifølgje verksemder i dette området vert det opplyst at varesendar ikkje får beskjed når leveransar ikkje vert levert ifølgje garantiordninga, altså før kl. 09.00 neste morgon. Det dei heller ikkje får beskjed om er at leveransen heller ikkje vert levert seinare same dag, men vert levert først neste dag.
Dei som sender varer som ekspress over natt betaler dermed for ei teneste som Posten ofte ikkje leverer. Hadde dei fått beskjed om at Posten ikkje kan garantere slik levering, og at leveransen ikkje er mottakar i hende før om to dagar, kunne dei valt "bedriftspakke dør til dør", som er ein forsendelsemåte som er rimelegare.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg har bede Posten om å kommentere forholda representanten tek opp. Posten viser til at den generelle utleveringsfristen for produktet "Ekspress over natt" er før kl. 09.00 i nærområdet på utleveringsstaden, og før kl. 16.00 utanfor nærområdet. I Nordfjord inneber dette at mottakarane innanfor nærområdet til Måløy og Nordfjordeid får pakkane utleverte innan kl. 09.00 dagen etter innlevering. Andre mottakarar i Nordfjord får pakkane utleverte innan kl. 16.00. Ordninga gjeld for sendingar frå heile landet, med unnatak av nokre område i Nordland, Troms og Finnmark, der kommunikasjonsforholda ikkje gjer det mogeleg.
Ifølgje Posten har det ikkje skjedd nokon generell reduksjon i servicenivået for produktet "Ekspress over natt" til mottakarar i Nordfjord i samanheng med omlegginga av terminalstrukturen. Posten peikar på at selskapet ved innføring av ny flyløysing i veke 44 hadde problem med framsendingskvaliteten for dette produktet, og at dette i nokon grad også kan ha ramma mottakarane i Nordfjord.
For å atterreisa servicenivået la Posten framsendinga av produktet "Ekspress over natt" tilbake til den tidlegare flyoperatøren. Ifølgje Posten er det etter dette ikkje registrert spesielle problem med framsendingskvaliteten for dette produktet.
På bakgrunn av Postens opplysningar, legg eg til grunn at nedgangen i framsendingskvaliteten for produktet "Ekspress over natt" til mottakarar i Nordfjordeid no bør vere løyst.