Skriftleg spørsmål fra Olav Akselsen (A) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:416 (2006-2007)
Innlevert: 10.01.2007
Sendt: 11.01.2007
Svart på: 17.01.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Korleis kan me sikra at mindre helsedistrikt som Helse Fonna kan oppretthalda eit forsvarleg helsetilbod, og på denne måten oppretthalda tilliten frå innbyggjarane i regionen?

Grunngiving

Helse Fonna har skapt uro i helseregionen. Spørsmålet er om helsetilbodet i tida framover vil vera godt nok for dei som bur i regionen. Dette er ikkje fyrste gong. Dei siste vekene har det vore kraftige meiningsytringar i lokale media, med eit sterkt engasjement frå lokalbefolkninga i Odda, på Stord og på Haugalandet. Debatten krinsar kring Helse Fonna sitt forslag om mellom anna å sommerstengja sjukehusa i Odda og på Stord. Onsdag 10. januar vart det kjent at styret i Helse Fonna no trekker forslaget om sommarlukking. Grunngjevinga er at tiltaket verken er medisinsk eller økonomisk forsvarleg, og eg er glad for at styret trekkjer tilbake dette forslaget. Helse Fonna har fått pålegg frå Helse Vest om å kutta 90 mill. kr i drifta. Det er mykje. Sjølv med nesten 1 000 tilsette sjukepleiarar vil eit kutt på 75 årsverk merkast. Truleg vil 50 av desse vera sjukepleiarar. Eit slikt kutt i personalet vil truleg svekkja helsetilbodet i regionen. Kuttet er foreslått fordelt på dei forskjellige sjukehusa og klinikkane underlagt Helse Fonna. Det einaste området som er skjerma for kutt er psykiatri. Styret i Helse Fonna vil ta ei endeleg avgjerd på styremøtet 18. januar.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Helse Fonna HF deler same utfordring som alle helseføretak når det gjeld å arbeide fram eit budsjett, der sjukehusa tilbyr tenester innafor dei økonomiske rammene som er stilt til disposisjon. Utfordringane går på å gjere prioriteringar innafor sitt område, og ivareta ei langsiktig økonomistyring innanfor ramma av dei overordna helsepolitiske styringssignala. I denne prosessen blir mange forslag utgreia og tekne opp til diskusjon, jamfør tiltaket om sommarstenging, som representanten peikar på i grunngjevinga i sitt spørsmål, er trekt. Det har blitt understreka at god tilgang til likeverdige helsetenester er ein grunnleggjande verdi for Regjeringa. I tråd med Nasjonal helseplan, og Stortinget si behandling av denne, skal folk uavhengig av bustad eller økonomi få tilgang til tenester av høg kvalitet. Dette er dei viktigaste verdiane som staten styrer helsesektoren etter. Innanfor desse rammene har dei einskilde føretaka fridom til sjølv å utforme strategiar og løysingar. Helse Vest informerer om at omstillingar i føretak som Helse Fonna HF, blir gjort i tråd med dei overordna føringane og dei krava som er stilt til både kvalitet, aktivitet og økonomi gjennom oppdragsdokumenta og føretaksmøta. I høve informasjon gitt av Helse Vest arbeider Helse Fonna på fleire måtar for å disponere ressursane på ein god måte, mellom anna gjennom eigne planar for lokalsjukehusutvikling, og gjennom ei systematisk samhandling med primærhelsetenesta. Eg vil vidare peike på at vi har auka overføringane til helseføretaka med 2,2 mrd. kr for 2007. Det er også gitt eit ekstra tilskot til Helse Vest RHF på 150 mill. kr for å rette opp skeivfordelinga mellom regionane. Dette er midlar som også kjem Helse Fonna HF til gode. Helse Fonna må få høve til å drøfte ulike tilnærmingar og forslag for å møte utfordringane som ligg i budsjettprosessen. Eg har tillit til at Helse Vest RHF og Helse Fonna HF vil arbeide for å tilby forsvarlege tenester til befolkninga i Helse Fonna også i framtida.