Skriftleg spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:602 (2006-2007)
Innlevert: 15.02.2007
Sendt: 16.02.2007
Svart på: 23.02.2007 av kunnskapsminister Øystein Djupedal

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Ein del ungdomsskular har hatt tradisjon med skuleturar f.eks. med Hvite Busser til Auschwitz. Praktisering av gratisprinsippet og forbod mot lotteri gjer det svært vanskeleg å finansiere slike turar.
Vil statsråden vurdere gjennomføringa av gratisprinsippet i grunnskulen, slik at det ikkje reduserer skulens fridom til t.d. å reise på nyttige ekskursjonar og leirskule?

Grunngiving

Fleire skular finn det vanskeleg å skaffe finansiering til viktige skuleturar, på grunn av dagens regelverk. Stiftelsen Hvite Busser til Auschwitz arrangerer dokumentasjonsturar for å bevisstgjere ungdom om kor viktig det er å verne om demokrati og menneskerettar. I ei kommune har ei foreldregruppe fått gratis kunst frå lokale kunstnarar til å lodde ut, for å finansiere ein tur til Polen med Hvite Busser. Desse får ikkje godkjent eit slikt lotteri, fordi skuleturar blir ansett som eit offentleg ansvar, og det er i all hovudsak ideelle organisasjonar som får ha slike lotteri. Det er viktig at alle barn får høve til å være med på felles utflukter, og at familien sin økonomi ikkje hindrar dette. Samstundes er det viktig at ein får eit større rom for å skaffe seg inntekter, for å finansiere slike turar. Dagens praktisering av gratisprinsippet vil på sikt medføre at mange slike turar blir skrinlagt, og mange unge går glipp av nyttig lærdom.

Øystein Djupedal (SV)

Svar

Øystein Djupedal: Føresegna i opplæringslova § 2-15, som lovfestar retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring, vart endra av Stortinget i desember 2002. Det går nå klart fram av føresegna at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vere gratis for elevane og foreldra deira. Dette inneber mellom anna at alle kostnader som gjeld turar som er del av grunnskuleopplæringa skal betalast av kommunane og at det ikkje lenger er lov til å krevje nokon del frå elevar/føresette.
I samband med lovendringa vart landets kommunar kompenserte for ei auke i kostnadane gjennom rammetilskotet til kommunesektoren. Det er brei politisk semje om gratisprinsippet i grunnskulen, og eg oppfattar ikkje at spørsmålet er meint som eit uttrykk for usemje om dette.
Eg er samd i at til dømes turar med dei kvite bussane, opphald i leirskule og andre turar kan vere eigna tiltak i opplæringa i viktige mål i læreplanane. Siktemålet med lovendringa og auka i rammetilskotet var at elevane framleis skal ha muligheit til skuleturar. Talet på turar, reisemåla og korleis dei er forankra i læreplanen må avgjerdas lokalt, slik det og var før lovendringa.
Når det gjeld muligheit til å skaffe pengar til turar som kostar meir enn kommunen i utgangspunktet kan betale for, er det framleis stort rom for frivillig innsats. Skulane kan som tidlegare finansiere slike turar med frivillige bidrag og gåver, og med middel frå dugnadsarbeid og klassekasser. Det einaste kravet i denne samanheng som følgjer av gratisprinsippet er at det ikkje kan bli sett krav om motyting frå skulens side, og at gåver og bidrag skal komme heile elevgruppa til gode. Alle elevar skal få muligheit til å vere med på slike turar, uavhengig av om deira foreldre har bidrege eller ikkje.
Det konkrete tilfellet som er vist til i spørsmålet der eit lotteri ikkje vart sett på som lovleg kan eg ikkje uttale meg om. Likevel vil eg vise til at lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier m.v. vart endra i 2005 for å unngå dei utilsikta konsekvensane representanten siktar til. Det er i dag ikkje noko krav om løyve etter lotterilova for å gjennomføre kakeutloddingar og enkle former for lotteri.
Til slutt vil eg vise til St.meld. nr. 16 (2006-2007) Tidlig innsats for livslang læring som med fokus på utdanningssystemet er ein del av Regjeringa si innsats for sosial utjamning. I meldinga blir blant anna gratisprinsippet i grunnskuleopplæringa omtala og viktigheita av at prinsippet blir praktisert i tråd med lova sine intensjonar presisert.