Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:653 (2006-2007)
Innlevert: 22.02.2007
Sendt: 23.02.2007
Svart på: 02.03.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Russarane seier på nytt nei til å sleppe til norske forskingsfartøy i russisk sone i Barentshavet. Samtidig har russarane av økonomiske årsaker ikkje eigne forskingsfartøy i området. Vi vil derfor for andre år på rad mangle viktige opplysningar om dei viktige fiskebestandane i Barentshavet.
Kva vil statsråden gjere for at desse viktige forskingsprosjekta skal kunne gjennomførast?

Grunngiving

Også i år får norske havforskingsfartøy problem med å gjennomføre fullt ut det såkalla økosystemtoktet som nå pågår i Barentshavet. Dette er eit norsk og russisk forskingstokt for å kartlegge dei store fiskebestandane i Barentshavet. I 2006 fekk norske havforskingsfartøy berre begrensa tilgang til russisk økonomisk sone. I år får ikkje Havforskingsinstituttet adgang til området i det heile. Toktet skulle utførast med "Johan Hjort". Russiske forskingsfartøy har fått innvilga alle søknader om adgang til norsk økonomisk sone.
Russarane har av økonomiske årsaker ikkje forskingsfartøy i sin eigen økonomiske sone om vinteren. Vi vil derfor for andre år på rad mangle viktige opplysningar om bestandane i Barentshavet.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Stortingsrepresentant Løvik viser i sitt spørsmål til at russiske styresmakter på nytt seier nei til å sleppe til norske forskingsfartøy i russisk sone i Barentshavet, samtidig som russarane av økonomiske årsaker ikkje har eigne forskingsfartøy i området. Ein vil difor for andre året på rad mangle opplysningar om dei viktige fiskebestandane i Barentshavet, og stortingsrepresentanten spør kva statsråden vil gjere for at desse forskingsprosjekta skal kunne gjennomførast.
Aller først vil eg syne til det langvarige forskingssamarbeidet som har eksistert mellom norske og russiske havforskarar i meir enn 50 år. Samarbeidet har vore ein grunnpilar i det norsk-russiske fiskerisamarbeidet. På norsk side verdset vi dette samarbeidet høgt og vi meiner det er svært viktig å føre det vidare.
Som stortingsrepresentant Løvik korrekt viser til har ein dei seinare åra hatt betydelege problem med å få samtykke frå russiske styresmakter til at norske forskingsfartøy skal kunne gå inn i russisk økonomisk sone i Barentshavet, sjølv om desse tokta har vore ein del av forskingsarrangementet avtalt under dei årlege sesjonane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon.
Norske styresmakter ser svært alvorleg på manglande samtykke til å få gå inn i russisk sone, særleg fordi dei naudsynte undersøkingane heller ikkje ser ut til å bli utførde av russiske havforskarar. På sikt vil dette kunne medføre at tidsseriane havforskarane brukar i sine vurderingar må kuttast ut, noko som i sin ytterste konsekvens kan medføre at ICES ikkje finn å kunne gje tilstrekkelege råd om forvaltinga av viktige fellesbestandar i Barentshavet. Ein slik situasjon vil vere svært uheldig og i stor grad komplisere arbeidet med særleg å bli samde om nivået på totalkvotane (TAC-ane) innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon. Svingande totalkvotar vil igjen føre til ustabile rammevilkår for fiskerinæringa både til havs og på land, noko ein innanfor Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon dei seinare åra har arbeidd hardt for å forhindre, mellom anna gjennom å innføre haustingsreglar for fastsetjing av TAC for fellesbestandane.
Alt dette gjer at det er ei høgt prioritert oppgåve for Regjeringa å arbeide for at norske forskingsfartøy på ny får forske i russisk sone i samsvar med det vedtekne samarbeidsprogrammet. Å nekte russiske forskingsfartøy å forske i havområde under norsk jurisdiksjon har vore vurdert ved fleire høve, men til no har ein konkludert at å nekte dette ikkje vil vere i Noreg si interesse. Mellom anna har omsynet til kunnskap vege tungt, at det er betre med noko kunnskap enn ingen kunnskap. Både Utanriksdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet nyttar likevel eitkvart høve på både politisk og administrativt nivå til å ta problemet opp med russiske styresmakter. Andre kanalar er og vil bli nytta der det er mogleg og/eller naturleg. Blant anna er saka også omfatta av ein gjennomgang som er i ferd med å bli sluttført av Riksrevisjonen og den tilsvarande russiske etaten, om forvaltinga av fiskeressursane i Barentshavet.
Eg ønskjer å seie at eg fullt ut deler stortingsrepresentant Løvik si bekymring på dette området, og eg kan forsikre at både vi politikarar og forvaltinga også i framtida vil ta spørsmålet opp med russiske styresmakter via alle relevante kanalar.