Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:768 (2006-2007)
Innlevert: 16.03.2007
Sendt: 16.03.2007
Svart på: 23.03.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): I forbindelse med utbetring av Ålesundtunnellane er det frykt for 1,5 års nattestenging mellom kl. 22.00 og 06.00. Dette vil vere dramatisk både for befolkning og næringsliv i kommunen og dessutan skape store problem for avviklinga av flytrafikken på Vigra som utgjer om lag halvparten av flytrafikken i Møre og Romsdal.
Vil statsråden bidra til å finne midlertidige løysingar som t.d. ferje som kan sikre god framdrift i arbeidet og samtidig sikre kommunikasjonen til og frå kommunen og flyplassen?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Statens vegvesen greier no ut ein ny plan for oppgradering av Ålesundtunnelane etter at Direktoratet for arbeidstilsynet fatta vedtak om at arbeida ikkje kan utførast samstundes med at tunnelane er opne for vanleg trafikk. Viktige føresetnader er å finne ei totalløysing som er føreseieleg, klar og enkel, gir minst ulempe for brukarane, og raskast mogleg gjennomføring av arbeida, til lågast mogleg kostnad.
Statens vegvesen og entreprenøren er i drøftingar for å få fram ny kostnad og tidsramme for ulike alternativ med nye rammevilkår. Eit av alternativa som vert drøfta, er bruk av ferje. Andre alternativ er å utføre arbeida om kvelden/natta i kombinasjon med buss og eventuell ferje. Etter at samla kostnad og tidsramme for dei ulike alternativa er ferdig drøfta, kan ein ta stilling til den beste løysinga. Statens vegvesen meiner at dette kan vere ferdig i løpet av mars og det vert deretter sendt til Samferdselsdepartementet.
Eg vil ut frå ei samla vurdering søkje å bidra til ei god mellombels løysing som er enkel og brukarvenleg for folk og næringsliv og tilpassa flytrafikken.