Skriftleg spørsmål fra Petter Løvik (H) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:791 (2006-2007)
Innlevert: 21.03.2007
Sendt: 22.03.2007
Svart på: 12.04.2007 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Då Stortinget vedtok utbygging av digitalt bakkenett for fjernsyn var føresetnaden at dekninga skulle bli betre og meir omfattande enn i dag. Nye dekningskart viser at fleire område som i dag har god dekning ikkje vil få dekning i det nye digitale systemet.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at Stortinget sine krav og intensjonar blir følgde opp?

Grunngiving

Nye dekningskart viser at fleire område, mellom anna i Volda kommune på Sunnmøre, blir utan dekning frå det digitale bakkenettet. Store deler av desse områda har bra dekning i dag. I samband med Stortinget si handsaming av saka (Innst. S. nr. 128 (2003-2004) sa ein samla komité mellom anna:

"Alle husstander i Norge må ha tilgang til et fullverdig digitalt alternativ som inkluderer alle NRKs kanaler, TV2, helst også de øvrige norske kanalene og gjerne abonnementstilbud på de mest sentrale nordiske og utenlandske TV-kanalene i tillegg. Komiteen har merket seg at dette samsvarer med intensjonene i NTVs konsesjonssøknad."

Ut frå dei nye dekningskarta ser det ikkje ut som desse krava så langt er oppfølgde.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Etter mitt syn er det så langt ikkje noko som tyder på at Stortingets føresetnader om dekning av det digitale bakkenettet ikkje er følgde opp. Representanten Løvik har referert berre ein av komitémerknadene om dekning i Innst. S. nr. 128 (2003-2004). Dette gir ikkje eit heilskapleg eller riktig bilde av Stortingets føresetnader i saka.
Den sentrale føresetnaden i innstillinga var at konsesjonæren skal sikre at alle i Noreg får eit tilbod om digitalfjernsyn og at minst 95 pst. av befolkninga skal kunne ta inn signaler frå det digitale bakkenettet. Fleirtalet la til grunn at inntil fem pst av befolkninga vil bli sikra digitalfjernsyn gjennom ein annan distribusjonsplattform. Innehavaren av konsesjonen tek sikte på å oppfylle kravet gjennom å tilby dei som ikkje blir dekte av det digitale bakkenettet eller satellittskuggesendarar gratis tilgang til NRKs sendingar via satellitt. Dersom dei ønskjer eit breiare tilbod, vil desse husstandane måtte teikne ordinært abonnement med ein av satellittoperatørane.
Det digitale bakkenettet vil nytte dei same hovudsendarane som TV2 i dag nytter og i tillegg supplere med nye sendarar. Dette inneber at det digitale bakkenettet vil ha større dekning enn TV2 har i dag. I områda der TV2 ikkje har dekning i dag tek husstandane anten inn berre NRK1 eller dei har skaffa seg tilgang til TV2 og fleirkanalfjernsyn via satellitt. Talet på husstandar som alt har skaffa seg satellittfjernsyn er svært høg i desse områda. Ei avvikling av analoge signal vil i desse områda primært få konsekvensar for dei som i dag berre har NRK1. Desse husstandane må kjøpe seg mottakar og antenne og kan velje mellom gratis tilgang til (i første omgang) tre NRK-kanalar eller å betale for eit breiare tilbod av kanalar. Dette inneber at alle norske husstandar og får tilgang til NRK2.
Eg vil for ordens skuld presisere at dekningskarta som er tilgjengelge i dag enno ikkje viser dekninga i satellittskuggane.