Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:894 (2006-2007)
Innlevert: 13.04.2007
Sendt: 16.04.2007
Svart på: 24.04.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): I samband med tunnelskandalane i Vestfold har trafikantar frå Hordaland tatt kontakt og uttrykt uro over om tryggleiken i enkelte tunnelar i Hordland er så god som den burde vere. Eg har og mottatt truverdig informasjon om at minst ein tunnel på strekninga E39 Bergen-Sogn og Fjordane fylke kan vere rasfarleg dersom den ikkje blir betre sikra.
Kan statsråden love at problemet med rassikring blir tatt på alvor slik at trafikantar også i Hordaland kan vere trygge på at dei ikkje blir utsett for rasfare?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Sikring av tunnelar vert teke på største alvor, både av meg og Statens vegvesen. Dette gjeld i Hordaland som elles i landet. Statens vegvesen er ikkje kjent med at nokon tunnel i Hordaland generelt, eller på E39 mellom Bergen og Sogn og Fjordane spesielt, er rasfarleg. Tunnelane vert inspisert regelmessig, og dersom nokon tunnel hadde vore vurdert som rasfarleg, ville den straks vorte stengt. I tillegg er Statens vegvesen på oppdrag frå meg i gang med særlege inspeksjonar av tunnelane, som eit førebyggjande tiltak etter raset i Hanekleivtunnelen.
Rassikring er ei prioritert oppgåve for Regjeringa, og innsatsen på dette området vert sett inn for å gi minst mogeleg sannsyn for nedfall.
Statens vegvesen får frå tid til anna opplysningar om uheldige vegforhold. Dette er viktig og nyttig for å få tatt hand om forholda før dei får utvikla seg, både på vegar i dagen og i tunnelar. Dersom representanten er kjend med slike opplysningar vil eg oppmode til at Statens vegvesen vert kontakta snarast råd, slik at dei kan få vurdert forholda nærare.