Skriftleg spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:918 (2006-2007)
Innlevert: 18.04.2007
Sendt: 19.04.2007
Rette vedkommende: Justisministeren
Svart på: 03.05.2007 av justisminister Knut Storberget

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Det norske bergingsfartøyet "Olympic Hercules" ville slepe "Bourbon Dolphin" til grunnare vatn, men vart nekta dette. Dei låg fleire dagar "stand by" ved havaristen.
Kva vil Regjeringa gjere for å hindre at ein kjem i ein liknande situasjon seinare, der skip vert nekta å løyse ein vanskeleg situasjon, og vil Regjeringa bidra til å få heva det sunkne fartøyet "Bourbon Dolphin", slik at økonomien ikkje hindrar dette?

Grunngiving

Det har vore mange spekulasjonar om kva som gikk galt då skipet "Bourbon Dolphin", utanfor Shetland, tippa rundt og åtte av eit mannskap på 15 omkom. Det er difor positivt at Regjeringa vil sette ned ein uavhengig granskingskommisjon, for å forsøke å finne årsaka til at skipet kantra.
Det norske bergingsfartøyet "Olympic Hercules" måtte sleppe kjettingen på "Bourbon Dolphin" da skipet begynte å synke og forsvann på 1 100 meters djup utanfor Shetlandsøyane. Skipperen på "Olympic Hercules" ville slepe "Bourbon Dolphin" til grunnare vatn, men var nekta dette, har reiar Stig Remøy i Olympic Shipping uttalt til NRK. Olympic Shipping låg "stand by" ved havaristen i fleire dagar. Slepet skulle starte søndag ettermiddag, men det nederlandske bergingsselskapet Smit ønskte å bytte både slepebåt og mannskap før slepet starta. Det norske bergingsfartøyet kunne altså ha slept det kantra fartøyet forsiktig inn til grunnare farvatn for å forsøke å ta ut dei fem sakna som kan vere om bord. Korleis ein kan hindre at slike situasjonar skjer i framtida er viktig å få fram, og om det internasjonale samarbeidet er godt nok.
Forliset er tragisk, det er viktig for dei som har mista sine kjære å ha ei grav og gå til, og finne ut av årsaka til forliset. Ekspertar meiner det er fullt mulig å heve det sunkne fartøyet frå 1 100 meter djup, men at det vil koste betydelege summar, eg håper at Regjeringa vil bidra til at skipet vert heva, slik at ikkje økonomien hindrar dette.

Knut Storberget (A)

Svar

Knut Storberget: Spørsmålet vert overført frå nærings- og handelsministeren.
Torsdag 12. april 2007 forliste ankerhandteringsfartøyet "Bourbon Dolphin" om lag 75 nautiske mil vest for Shetland. Fartøyet kantra medan det var i ein ankerhandteringssituasjon ved oljeriggen Transocean Rather.
Ein særskilt undersøkingskommisjon som skal granske forliset av "Bourbon Dolphin" blei oppnemnd i statsråd 27. april 2007. Kommisjonen har høg kompetanse og er breitt samanset, slik at alle sider ved denne tragiske ulykka blir vurderte.
Undersøkingskommisjonen er i mandatet sitt beden om å gjere dei undersøkingar han finn nødvendig for å kartlegge årsaksfaktorar og forløpet til ulykka. Kommisjonen skal greie ut forhold som er viktige for å førebygge at ei slik ulykke kan skje i framtida. Kommisjonen skal òg gi ei vurdering av forsøket på bergingsoperasjon der skipet sokk.
Regjeringa forstår dei som av omsyn til dei sakna og deira familiar ønskjer heving av skipet. Samtidig ber vi om forståing for at dette reiser spørsmål om risiko, tekniske spørsmål og ansvar, som dei råka partane eventuelt må vurdere.