Skriftleg spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1100 (2006-2007)
Innlevert: 25.05.2007
Sendt: 29.05.2007
Svart på: 04.06.2007 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): På kva måte har Utanriksdepartementet teke opp handsaminga av religiøse minoritetar i Tyrkia med styresmaktene i landet, og korleis vil ein i tida frametter arbeida for å påtala og forbetra situasjonen i landet på dette viktige menneskerettsområdet?

Grunngiving

I forhold til mange andre land i den muslimske kulturkrinsen er Tyrkia ikkje mellom dei som er mest i fokus for brot på religionsfridomen. Det er positivt. Uavhengige rapportar dokumenterer likevel at situasjonen er alvorleg for religiøse minoritetar, men ikkje like vanskeleg for alle. Mellom dei meir utsette gruppene er mellom anna evangeliske kristne og alewittar (som sjølv reknar seg som muslimar, men vert stempla som fråfalne).
Det er ei vanleg oppfatning at Tyrkia sin søknad om medlemskap i EU har ført til at styresmaktene legg vekt på å innfri krava til menneskjerettane, men utviklinga er likevel tvitydig. Styresmaktene er på den eine sida sensitive for kritikk utanfrå, men samstundes har vi i dei seinare åra sett urovekjande teikn til forverring av livskåra for religiøse minoritetar.
Med støtte frå høgt hold, også innan regjeringa i Tyrkia, held sterke krefter i samfunnet ved like og styrkjer ein kombinasjon av nasjonalisme og religiøs intoleranse. Som eit resultat av dette vert aktivistar/islamistar inspirerte til å trakassera og undertrykkja folk med ei anna tru.
Særlig utsett er dei som har konvertert frå islam til ei anna tru og dei som driv med evangelisering. For få veker sidan vart tre kristne (ein tysk og to tyrkiske statsborgarar) fanga, bundne og drepne ved at dei fekk strupane skåre over. Reaksjonen frå styresmaktene var tvitydig, og sjefen i Justisdepartementet si lovavdeling, Niyazi Güney, uttalte i ein kommentar til tragedien at "misjonærverksemd er farlegare enn terrororganisasjonar".
Det er klåre teikn til drakamp mellom meir islamistiske og meir liberale krefter i Tyrkia, og dette ser også ut til å pele over på haldninga til religiøse minoritetar og deira livs- og arbeidsvilkår i det tyrkiske samfunnet.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Brot på grunnleggjande menneskerettar i Tyrkia gjev grunn til uro og blir følgt nøye frå Regjeringa si side. Eg deler representanten Sørfonn si uro over avgrensingane i religions- og trusfridomen for religiøse minoritetar i landet.
Ein viktig grunn til at Regjeringa har stilt seg positiv til at Tyrkia forhandlar med EU med sikte på medlemskap, er at EU stiller krav om ei betring når det gjeld menneskerettane. Endringar i grunnlova og betre vern for mellom anna religionsfridomen, ytringsfridomen og minoritetar er krav Noreg har slutta seg til.
Regjeringa gjev økonomisk støtte til det arbeidet norske, tyrkiske og internasjonale organisasjonar gjer for menneskerettane i Tyrkia, med særleg vekt på arbeidet mot tortur og rehabiliteringa av torturoffer.
Ambassaden vår i Ankara følgjer nøye med på utviklinga når det gjeld alle menneskerettar, inklusive dei religiøse. Ambassaden samarbeider med andre ambassadar frå land som står oss nær, og med kontoret til EU-kommisjonen, og gjer sitt til at desse spørsmåla stadig blir tekne opp med tyrkiske styresmakter også av andre land.
Regjeringa følgjer òg diskusjonane om Tyrkia i Europarådet. Tyrkia tek aktivt del i samarbeidet i Europarådet, og det er tydeleg at landet legg vekt på å følgje opp den plikta det har til å etterleve Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Denne konvensjonen vernar om religiøse minoritetar òg.
Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg får inn mange klagesaker mot Tyrkia, men talet er på veg ned. Tyrkia har sett dialog mellom religionane på dagsordenen i internasjonale organisasjonar som Europarådet og OSSE.
Regjeringa vil oppgradere kontakten sin med Tyrkia. Ein tek sikte på årlege møte mellom utanriksministrane og årlege møte på statssekretærnivå. I desse møta vil ein kunne ta opp alle former for brot på menneskerettane, òg situasjonen for religiøse minoritetar.
I tillegg vil ein styrkje den norske innsatsen og støtta til arbeidet for menneskerettar og demokrati i Tyrkia. Som no vil dette gå føre seg gjennom norske, lokale og internasjonale organisasjonar. Engasjementet vårt for menneskerettar vil vere ein viktig del av ein tettare politisk kontakt med tyrkiske styresmakter.