Skriftleg spørsmål fra Vera Lysklætt (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:159 (2007-2008)
Innlevert: 02.11.2007
Sendt: 05.11.2007
Svart på: 12.11.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Vera Lysklætt (V)

Spørsmål

Vera Lysklætt (V): Ifølge avisa Nationen den 30.10. gir konsernsjef i Posten Norge, Dag Mejdell, uttrykk for at det ikke er et mål at kundene i Nord-Norge skal ha samme framføringstid som kunder i de andre landsdelene.
Er statsråden, med ansvar for posttjenestene her i landet, enig i at kunder i Nord-Norge må akseptere en senere postgang enn kunder i resten av landet?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Regjeringa har som overordna mål på postområdet å sikre eit landsdekkjande posttilbod av likeverdige tenester til same pris og med god kvalitet. Gjennom Postens konsesjon er verksemda pliktig til å oppfylle visse vilkår, der eitt sentralt punkt er kravet om at 85 prosent av all A-post skal vere framme dagen etter innlevering i gjennomsnitt på landsbasis. Ved kvartalsvise målingar er Posten pliktige til å opplyse om postframføringskvaliteten. Posten har no for fyrste gong, etter pålegg frå Samferdselsdepartementet, òg utført regionale målingar av framføringskvaliteten. Som desse målingane viser, har alle landsdelar, bortsett frå region Nord-Noreg, ein postframføringskvalitet som ligg godt over konsesjonskravet.
Sjølv om konsesjonskravet er knytt til eit gjennomsnittstal for heile landet, meiner eg at alle regionar i Noreg skal ha ein postframføringskvalitet som ligg nær eller over minimumskravet i konsesjonen. Sjølv om det ut frå visse naturgitte føresetnader er vanskelegare å oppnå like god kvalitet i Nord-Noreg som i andre område i landet, meiner eg at Posten må gjere sitt yttarste for å oppnå best mogeleg kvalitet også i denne landsdelen.
Eg veit at Posten anstrengjer seg for å få til dette. Framføringskvaliteten over heile landet, og spesielt i mindre tettbygde strok har blitt mykje betre det siste halve året, etter at mellom anna den nye ordninga med eigne, chartra fly har sett seg. Posten gjer stadig effektiviseringstiltak for å betre kvaliteten, og etableringa av ny austlandsterminal på Lørenskog vil bidra til å effektivisere postframføringa og betre framføringskvaliteten i heile landet, også i Nord-Noreg.
Det vil likevel vere krevjande for Posten å levere over natt til alle område i landet, spesielt i Nord-Noreg. Dette har samanheng med store avstandar og at Posten i stor grad óg er avhengig av offentlege transportmiddel i postframføringa, slik at framføring i visse område i distrikta vil vere meir tidkrevjande enn i meir sentrale strok.
Eg vil likevel i dialogen med Posten leggje trykk på at alle tilgjengelege tiltak vert sette inn for å oppnå ein betre framføringskvalitet i Nord-Noreg.