Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:171 (2007-2008)
Innlevert: 07.11.2007
Sendt: 08.11.2007
Svart på: 14.11.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Helse Førde har føreteke dramatiske kutt ved akuttberedskapen i Sogn og Fjordane. No kan det sjå ut som at det er ambulansetenesta som står for tur. Responstida i utkantane i fylket er allereie i dag altfor høg. Ved ytterlegare strukturendringar, som administrasjonen no arbeider med, vil tryggheitsfølelsen verte dramatisk svekka.
Kva vil statsråden som sjukehuseigar gjere for å hindre strukturendringar innanfor ambulansetenesta i Sogn og Fjordane?

Grunngiving

Nedbygginga av akuttberedskapen på sjukehusa i Sogn og Fjordane har folk flest opplevd som ei dramatisk strukturendring. På tross av løfte frå sentralpolitikarar generelt og i Soria Moria-erklæringa spesielt, der det vert gjeve garantiar om at ingen sjukehus skal verte nedlagt, skjer det store strukturelle endringar og ei rotete styring av helseføretaket.
Stortinget har tidlegare kome med innrømmingar som går på at Sogn og Fjordane er eit fylke med store avstandar og til tider vanskelege klimatiske forhold, som skulle spesielt takast omsyn til. Det har også vore sagt at det ikkje skal vere økonomien som skal styre det akuttmedisinske tilbodet til folk flest. No ser ein at det motsette skjer i fylket. Akuttberedskapen ved sjukehusa i Sogn og Fjordane står i fare, og på enkelte plassar er den allereie delvis teken bort.
Når no heleføretaket enno ein gong utredar omstrukturering innan ambulansetenesta, som vil føre til lenger responstid, kan dette umogleg skape truverde i eit best mogleg helsetilbod til folket i Sogn og Fjordane. Tidlegare har helseføretaket prøvd seg på ei omstrukturering innan ambulansetenesta, som dei måtte trekke tilbake, til dømes for Selje. For ein kommune som Selje, med mange dagar med ekstremvêr, der bil er einaste måten å kome gjennom på, vil ei nedlegging av ambulansetenesta vere svært dramatisk. Tida frå at ambulansen vert tilkalla til pasienten er på sjukehus, vil då kunne verte forlenga med fleire timar.
Dersom ein skal tolke dette ut ifrå informasjon som kjem ut til folk flest, har statsråden vore totalt fråverande, og folk stiller seg spørsmål om statsråden, som sjukehuseigar, verkeleg er klar over kva som skjer i Sogn og Fjordane.
Det er ei kjensgjerning at alderssamansetninga i Sogn og Fjordane generelt og i utkantane spesielt har ei overvekt av eldre personar, som treng helseteneste som gjev dei tryggleik og stabilitet. Ifølgje folk flest si oppfatning er ikkje dette tilfelle i dag, grunna rot i helseføretaket.
Hittil har arbeidet med omstrukturering av ambulansetenesta i Sogn og Fjordane skjedd utan at den eller dei kommunane dette berører har vore kontakta.
Min bakgrunn for denne henvendelsen har sin begrunning i at eg skjønar folket sin frustrasjon over eigars manglande styring av helseføretaket.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: På bakgrunn av de forhold som omtales i spørsmål fra representanten har jeg vært i kontakt med Helse Vest RHF.
Som representanten påpeker i sitt brev, er Sogn og Fjordane et fylke med til dels lange avstander. Dette gir noen utfordringer tilknyttet beredskap og tilgjengelighet i ambulansetjenesten. I den forbindelse har både Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet bidratt med særskilte midler til utvikling av tjenesten, blant annet knyttet til telemedisinske løsninger og etablering av akutteam.
Ambulansetjenesten har de senere år blitt vesentlig styrket. Krav til kompetanse i tjenesten og bedret flåtestyring av ressursene er tiltak som illustrerer dette. Samtidig medfører endringer i bosetningsmønstre og alderssammensetning, og arbeids- og funksjonsfordeling mellom sykehus, et kontinuerlig behov for utvikling av tjenestetilbudet.
Med bakgrunn i dette har styret i Helse Førde HF iverksatt en gjennomgang av ambulansetjenesten i foretaket. Dette for å sikre at tjenesten ivaretar overordnede krav og føringer og er tilpasset befolkningens behov for tjenester. Prosessen som gjennomføres - og som representanten stiller spørsmål ved - må derfor sees i lys av helseforetaket sitt ansvar for å sikre en god ambulansetjeneste for befolkningen.
Styret i Helse Førde HF har ovenfor administrasjonen forutsatt at dersom gjennomgangen synliggjør behov for strukturelle endringer, skal dette gjennomføres ved dialog med berørte kommuner. Det er også lagt føringer for at avtaler med naboforetak om supplering av beredskap skal vurderes.
Jeg har forståelse for representanten sin bekymring for ambulansetjenesten i fylket, men etter å ha vært i samtale med Helse Vest RHF har jeg tiltro til at foretaket ivaretar sitt "sørge for"-ansvar. Dersom det skulle vise seg at planlagte endringer ikke er i tråd med eiers føringer, vil jeg gripe fatt i dette.