Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:213 (2007-2008)
Innlevert: 13.11.2007
Sendt: 14.11.2007
Svart på: 23.11.2007 av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Ein er kjend med at fleire kommunar i Sogn og Fjordane vil kome til å betale "fallskjermar" til ordførarar som er blitt kasta/ikkje gjenvalgt etter siste kommuneval.
Synes statsråden at dette er rett bruk av offentlege midlar, når kommunane slit med å tilsetje nok folk til dei lovpålagte oppgåvene?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Politikarar er på val. Dei har ikkje som ordinære arbeidstakarar vern mot oppseiing eller oppseiingstid. For ordførarar og andre heiltidspolitikarar kan det by på problem å koma inn i jobb like etter ein valperiode. Deltidspolitikarar kan også ha problem med å sikra seg fulltids jobb igjen etter at perioden som folkevald er over.
Kommunelova § 41 har reglar for godtgjering for den som har kommunale tillitsverv, men desse regulerer ikkje spesielt ettergodtgjering. Det vil såleis vera opp til kommunane sjølve å finna gode ordningar lokalt.
Etter mitt syn bør det framleis vera opp til det lokale nivået å avgjera desse spørsmåla ut frå lokale tilhøve og ønskje. Denne vurderinga er kommunestyra sjølv dei næraste til å gjera. Slike godtgjeringar bør likevel haldast innanfor rimelege grenser. For eksempel bør ein kritisk vurdera etterløn dersom politikarar som ikkje vert attvalde går rett tilbake til full løn. I alle høve meiner eg det er viktig at ein er open om tilhøva, slik at innbyggjarane og veljarane kan gjera seg kjende med dei ordningane som gjeld.
Kommunane er omfatta av dei allmenne, samfunnsmessige utfordringane knytt til etikk og samfunnsansvar. Tilliten til kommunane heng saman med innbyggjarane sin tillit til sine folkevalde. Om tilliten mellom veljarane og dei valde blir svekka, står lokaldemokratiet i fare. Det er nettopp her lokaldemokratiet og nærleiken mellom innbyggjarane og dei folkevalde viser sin styrke. Lokalpolitikarane har innbyggjarane tett på seg, og i val har innbyggjarane moglegheit til å seia frå om kva dei meiner om politikarane. Meiner veljarane at partigrupper i kommunestyret løner sine eigne urimeleg godt, er det opp til veljarane sjølv å seia frå om dette.