Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:271 (2007-2008)
Innlevert: 22.11.2007
Sendt: 23.11.2007
Svart på: 30.11.2007 av barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Barnevernet er etter det ein kjenner til ikkje særleg prioritert av mange kommunar. Dette medfører eit dårleg fagmiljø, opphoping av saker, og i mange tilfelle ei slett sakshandsaming. Det er også svært liten vilje i desse kommunane til å inngå samarbeid, på tross av at slikt samarbeid har vore anbefalt av sentrale styresmakter.
Kva vil statsråden gjere for å tvinge fram ei sterkare satsing på barnevern i kommunane?

Grunngiving

Grunngjeving for å stille dette spørsmålet har sin bakgrunn i skriv frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til kommunane i fylket. Fylkesmannen påpeikar dårleg sakshandsaming og manglande kompetanse i mange kommunar. For å få ei kartlegging av manglande kompetanse og saksomfang i Sogn og Fjordane har Fylkesmannen sendt ut spørjeskjema. Ein stor del av kommunane har ikkje eingong svart på skrivet frå Fylkesmannen, som no på nytt sender ut purring på dette.
Sannsynlegvis er bakgrunnen for Fylkesmannen sitt engasjement på dette området ei rekke klager på handsaming/manglande handsaming.

Manuela Ramin-Osmundsen (A)

Svar

Manuela Ramin-Osmundsen: Eg er glad for at Stortinget sin representant Åge Starheim sett det kommunale barnevernet på den politiske dagsorden. Det er ulikt kor mykje barnevernet vert prioritert rundt om i kommunane. Eg har tru på at eit politisk engasjement kan bidra til at barnevernet kjem betre til syne og at di barna som treng det får den hjelpen dei har rett til.
Å prioritere barnevernet i kommunane er eit kommunalt ansvar. Kommunane har ansvar for lovpålagte oppgåver som ikkje etter barnelova er tillagt staten. Kommunen sitt lovpålagte ansvar gjeld blant anna å treffe vedtak, sette i verk og følgje opp tiltak. Departementet har ingen direkte styringsrett overfor kommunane og må difor påverke utviklinga gjennom andre verkemidlar.
Regjeringa har satsa på kommunane i forslag til budsjett for 2008. Budsjettforslaget inneber ein reell vekst i kommunesektoren sine samla inntekter på om lag 6,2 mrd. kroner regnet i forhold til nivået i 2007 fra Revidert Nasjonalbudsjett. Veksten i frie inntekter er omlag 1,5 mrd. kroner. Eg legg til grunn at desse midlane også vil kome barnevernet til gode.
Barne- og likestillingsdepartementet har sett i verk tiltak som kan betre situasjonen i kommunane. Krav om internkontroll for barneverntenesta i kommunane blei innført frå 1. januar 2006. Innføring av internkontrollplikt inneberer at kommunen må utarbeide eit system som sikrar og dokumenterer korleis krav som er stilt i lover og forskrifter blir fulgt opp. Kommunen skal vidare beskrive verksemda sine hovudoppgåver og korleis ansvar, oppgåver og myndigheit er fordelt. Grunngjevinga for innføring av plikt til internkontroll er å gi kommunane eit verkemiddel for å sikre at lovpålagte oppgåver blir utført.
Departementet har også utvikla rettleingsmateriell og rutinehandbøker på viktige og sentrale områder i kommunane sitt arbeid på barnevernområdet. Hensikta er å beskrive arbeidsprosessar i dei ulike fasane i kommunanes arbeid med barnevernsaker for å sikre rask og rett bruk av regelverket. Materiellet gir vidare eksemplar på skjema, brev, arbeidsopplegg, sjekklister med meir.
Departementet arrangerte dessutan våren 2006 ni regionale konferansar over to dagar. Formålet med konferansane var tosidig. På den eine sida ønsket departementet gjennom deltaking frå politisk leding i departementet, å sette politisk fokus på barnevernet i kommunane og på den andre sida å presentere nytt materiell til bruk i det kommunale barnevernet. Alle konferansane var godt besøkt frå alle kommunar og bydelar.
For å tvinge fram ei sterkare satsing på barnevern i kommunane har departementet etablert eit kunnskaps- og kompetanseprogram (2007-2011) for det kommunale barnevernet. I 2007 er viktige innsatsområder identifisert, og det er satt i gang ei rad prosjekt, mellom anna for å styrke den fleirkulturelle kompetansen og styrke kunnskapen om ettervern. I tillegg utviklast nytt verktøy og opplæring i korleis barnevernet kan samtale med barn på ein fagleg god måte. Det er dessutan stor mangel på kunnskap og retningslinjer om korleis barneverntenesta skal ivareta foreldre på ein god måte etter ein omsorgsovertaking. Departementet utarbeider i høve dette ein kunnskapsoversikt, eit rettleingsmateriell og ein opplæringspakke til kommunane.
I 2008 vil departementet arrangere ni regionale konferansar med landets kommunar. Siktemålet er å auke kunnskapen om metodar retta mot barn og unge med atferdsvanskar (PMTO, FFT, ART, MultiFunC), barn som lever med vold i familien og barn og unge av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre. Det er òg oppretta ein stilling i kvar region i BUFetat som skal støtte kommunane med kompetanse i oppfølging av barn av psykisk sjuke og/eller rusmisbrukande foreldre og barn som har vært utsette for vold.
Det er også er nedsett ein ekspertgruppe som skal vurdere ei styrking av grunnutdanninga i barnevern, i samarbeid med universitets- og høgskulemiljøane. Kunnskapsprogrammet blir vidareutvikla og styrka i 2008 i samarbeid med høgskular og universitet, KS og fagorganisasjonar. Målsettinga er å betre kommunane sine føresetnader for å løyse eit aukande tal samansette og komplekse barnevernsaker. Programmet skal bidra til å heve kompetansen gjennom eit styrka etter- og vidareutdanningstilbod til tilsette i barnevernet. Vi tar òg sikte på å styrke det praksisrelaterte utviklingsarbeidet på området barnevern ved enkelte høgskular, slik at dei kan gje eit betre tilbod om opplæring for kommunalt tilsette.
Eg har stor tru på interkommunalt samarbeid for dei små kommunane. Ein evalueringsrapport viser at det interkommunale samarbeidet har styrka fagmiljøa og betra kvaliteten på barneverntenesta. Barnevern synes å vera godt egna for interkommunale løysingar (rapport nr 229- Telemarksforskning 2006). I 2006 blei lovverket dessutan endra slik at det no er lagt til rette for at kommunane kan ha interkommunale samarbeid organisert med utgangspunkt i vertskommunemodellen, jfr. (Ot. prp. nr. 95 (2005-2006) Om lov om endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommunar (interkommunalt samarbeid)). Eg har mellom anna oppfordra fylkesmennene til arrangere møter med kommunane der dei gjev informasjon om interkommunalt samarbeid.
Det overordna ansvaret for barnevernet ligg i kommunane, og barnevernet må på den politiske dagsorden. Vi oppfordrar stadig lokalpolitikarar til aktivt å søkje og etterspørje meir informasjon om barnevernet. Meir informasjon og kunnskap vil auke innsikta for barnevernet sitt arbeid. Dette vil gi eit betre grunnlag for at barnevernet vert prioritert høgre i kommunane.