Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:483 (2007-2008)
Innlevert: 16.01.2008
Sendt: 17.01.2008
Svart på: 24.01.2008 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til mitt spørsmål nr. 408, datert 18.12.07, og til brev frå FørdeGården AS, datert 10.01.08, der det går fram at FørdeGården AS har gitt nytt tilbod om redusert husleige til Lotteri- og stiftelsestilsynet, datert 22.12.06, altså før februar 2007. Siste tilbod frå FørdeGården AS vil medføre redusert husleige i høve flytting på ca. 7 mill. kr. over ein femårsperiode.
Vil opplysningane i brev frå FørdeGården AS, datert 10.01.08, medføre at statsråden tek initiativ til å forlenge leigeavtala med FørdeGården AS?

Grunngiving

I svaret, datert 21.12.07, frå statsråd Trond Giske på spørsmål nr. 408 frå underteikna står det m.a. følgjande: "Det er allereie brukt mykje ressursar frå vinnar av anbodskonkurransen si side på å realisere byggeprosjektet. Ved å bryte ut no vil dei deltakande etatane hamne i ein vanskeleg situasjon med mulig erstatningsansvar. Det vil ikkje vere god bruk av skattepengar. Eit tilbod om redusert leige burde i tilfelle vore lagt fram då anbodskonkurransen vart kjend, før Lotteri- og stiftelsestilsynet gjekk inn i samarbeidsprosjektet."
I brevet frå FørdeGården AS går det fram at det er feil at dei ikkje har lagt fram tilbod om redusert husleige til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Nytt tilbod frå FørdeGården As er datert 22.12.06 altså før februar 2007. Kopi av tilbodet er ifølgje FørdeGården AS også sendt departementet, og bekrefta motteke av departementet.
I brevet frå FørdeGården AS, datert 10.01.08, vert det vist til at dei hadde forhandlingar med Lotteri- og stiftelsestilsynet i 2004. Etter ein lengre prosess med utarbeiding av romplan og prosjektering av tekniske løysingar, der Lotteri- og stiftelsestilsynet og FørdeGården AS hadde ferdigforhandla husleigevilkåra, fekk FørdeGården AS muntleg tilbakemelding frå Lotteri- og stiftelsestilsynet at dei hadde valt å overta lokaler i plan 1 som framleige avtale med Office Team AS. Den muntlege grunngjevinga frå Lotteri- ot stiftelsestilsynet var at departementet sa nei pga. at leigeprisen i dei nye lokala vart for høg.
Det er kanskje ikkje rart at enkelte synes denne grunngjevinga er forunderleg i forhold til at ei flytting til andre lokalar, som ein no arbeider etter, vil gje ei meirutgift på husleige med over 1 400 000,00 kroner kvart år, som vil utgjere 7 000 000,00 over ein femårsperiode.
Det er også mange som spør om dette er fornuftig bruk av skattepengar.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: I mitt svar 21.12.2007 på spørsmål nr. 408 frå stortingsrepresentant Åge Starheim understreka eg at anbodskonkurranse for det nye bygget vart gjennomført, og vinnar vart kåra i februar 2007. Meir presist gjekk det 09.02.2007 ut brev til dei 2 attverande deltakarane i anbodskonkurransen om at Futurum AS vart valt som vinnar. Då hadde det vore gjennomført sluttforhandlingar med dei 2 attverande, Futurum AS og Fokusgården AS i løpet av januar 2007. 3 tilbydarar vart varsla i brev 07.12.2006 om at dei ikkje kom med i sluttrunden, deriblant FørdeGården AS. Det vart sett klagefrist 05.01.2007. Ingen klager vart motteke.
Som sagt i mitt svar på spørsmål 408 er det allereie brukt mykje ressursar frå vinnar av anbodskonkurransen si side på å realisere byggeprosjektet. Ved å bryte ut no vil dei deltakande etatane hamne i ein vanskeleg situasjon med muleg erstatningsansvar. Det vil ikkje vere god bruk av skattepengar. Anbodsprosessen for det nye bygget vart kunngjort 24.03.2006. Eit tilbod om redusert leige frå FørdeGården AS burde i tilfelle vore lagt fram på det tidspunkt, før Lotteri- og stiftelsestilsynet gjekk inn i samarbeidsprosjektet.
Eg held derfor fast på at eg ikkje vil ta noko initiativ ovanfor Lotteri- og stiftelsestilsynet eller FørdeGården AS i denne saka.