Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:531 (2007-2008)
Innlevert: 25.01.2008
Sendt: 28.01.2008
Svart på: 01.02.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Korleis kan utanriksministeren gi eksportlisens til eit firma og kven vil være sluttbrukar i dette høve?

Grunngiving

Det ligg klar ein eksportlisens for sal av F 5 jagerfly til eit USA-registrert firma.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Utanriksdepartementet kontrollerer eksporten av våpen og militært materiell på grunnlag av eiga lov, forskrift og retningslinjer for korleis departementet skal behandle søknader om løyve til eksport av forsvarsmateriell. Regelverket er nøye omtalt i den årlege meldinga frå regjeringa til Stortinget om eksport av forsvarsmateriell. Utanriksdepartementet er gitt mynde i ein særskild kongeleg resolusjon til å administrere lova og utarbeide forskrifter og retningslinjer.
Eksport av våpen og anna militært materiell mellom forsvarsstyresmakter i NATO-landa byggjer på ein langsiktig utanriks-, tryggings- og forsvarspolitikk der leveransar av materiell mellom partane er forankra i avtalar og mangeårig praksis. Ved utførsel av forsvarsmateriell til medlemsland i NATO eller til nærståande land er det krav om dokumentasjon som godtgjer kven sluttbrukaren er.
Det blir såleis ikkje lagt geografiske avgrensingar på kvar forsvarsstyresmaktene i NATO-land kan bruke militært materiell importert frå Noreg.
Retningslinjene fastslår at eksportlisens kan innvilgast dersom kunden er eller opptrer på vegne av forsvarsstyresmakta i eit nærståande land.
I denne konkrete saka har Utanriksdepartementet innvilga eksportlisens for F-5 jagarfly til NGL (Northern General Leasing) basert på dokumentasjon frå amerikanske styresmakter om at flya skal inngå i grunntreningsprogrammet for pilotar i det amerikanske luftforsvaret (USAF), og at amerikanske styresmakter kjem til å føre kontroll med flya.
Dette er i tråd med gjeldande regelverk.