Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:903 (2007-2008)
Innlevert: 07.04.2008
Sendt: 08.04.2008
Svart på: 15.04.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I ein rutinekontroll har ein oppdaga at brua på E39 gjennom Byrkjelo sentrum ikkje toler belastninga av tyngre køyretøy, og må forsterkast. Vegbredda er no redusert frå dagens seks meter til fem meter, som ei mellombels løysing. Det kan ta mange månader før brua er opprusta til to fulle køyrebaner.
Vil statsråden syte for at det vert løyvd ekstraordinære statlege midler til å ruste opp denne brua, slik at kostnadane til dette ikkje går ut over andre vegprosjekt i Sogn og Fjordane?

Grunngiving

Det var i ein rutinekontroll i februar det vart oppdaga svikt i brukara ved brua på E39 gjennom Byrkjelo sentrum.
Brua har ei øvre grense på totalt 50 tonn og 10 tonn akseltrykk.
Inspeksjonen av brua har vist at brua ikkje toler mange køyretøy samstundes.
For å unngå å setje akseltrykket ned til to tonn vert vegbredda redusert frå dagens seks meter til fem meter. Dette er eit mellombels tiltak.
Dagens trafikksituasjon kan vere farleg for biltrafikken, og ikkje minst for persontrafikk forbi brua. Det bør vurderast om det ikkje burde vore innført trafikklys som regulerer trafikken inntil brua er ferdig opprusta.
Vegdirektoratet er kopla inn for å vurdere nødvendige tiltak, og det er usikkert kor langvarig den mellombelse løysinga vert.
Kostnadane har ein ikkje oversikt over før Vegdirektoratet har trekt sine endelege konklusjonar, truleg i løpet av mai.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Statens vegvesen vurderer no ulike løysingar for å forsterke brua. Når ein har tatt stilling til korleis brua skal forsterkast og kostnadstala ligg føre, vil Statens vegvesen komme tilbake til finansieringa av arbeida.