Skriftleg spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:905 (2007-2008)
Innlevert: 08.04.2008
Sendt: 08.04.2008
Svart på: 15.04.2008 av finansminister Kristin Halvorsen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Gjenbruk er ei god miljøsak. Ein av dei største aktørane på gjenbruksmarknaden, Fretex, kjem særs dårleg ut når det gjeld moms på sal av brukte varer. Dei får ikkje nytte av særreglane om avansemoms på omsetning av brukte varer. Fretex kjem heller ikkje inn under momsfritaket for omsetning av brukte varer, i regi av ideelle organisasjonar.
Vil statsråden ta grep for å gjera noko med dette?

Grunngiving

Omsetning av brukte varer er ei god miljøsak. Det er difor brei politisk semje om å stimulera til at gjenbrukstiltak vert så rimelege, enkle og ubyråkratiske som mulig.
Det er difor særreglar i meirverdiavgiftslova for omsetning av brukte varer. I samsvar med lova sin § 20 skal det berre reknast moms av avansen.
Det er også gjort unntak for momsplikt når omsetningen skjer i regi av ideelle organisasjonar, under føresetnad av at fortenesta går til almennyttige føremål og at det vert nytta uløna arbeidskraft til omsetninga.
Ein av dei største aktørane i gjenbruksmarkedet, Fretex, får ikkje nyta godt av desse særreglane. For det første vert varane samla inn/gitt, slik at avansemoms i praksis vert moms på heile salsverdien. For det andre har Fretex løna personale i sine utsal.
Dette gjer at det i praksis vert moms på heile salsprisen, noko som gjer varene dyrare, og med det også reduserer den totale gjenbrukseffekten.
Det vert stadig kasta større mengder gode og godt brukbare produkt av alle kategoriar. Dette er såleis ei sterkt veksande miljø- og ressursutfordring. Difor må alle midlar nyttast for å stimulera til god og effektiv gjenbruk.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Meirverdiavgifta er ei generell avgift på forbruk av varer og tenester. Ved utforminga av regelverket er det sentralt at meirverdiavgiftssystemet ikkje skal vere konkurransevridande og ikkje skal føre med seg kompliserte avgrensingsproblem for næringsliv, forbrukarar og myndigheiter. Avgifta er ein berebjelke for inntektssida på budsjettet, og utgjør om lag 30 pst. av dei totale skatte-og avgiftsinntektene frå fastlands-Noreg. Det er derfor viktig for meg at momssystemet blir halda ved lag som en avgjørande del av finansieringa av velferdsstaten.
Som representanten viser til, opnar regelverket for at ein ved omsetning av brukte varer berre reknar meirverdiavgift av avansen. Bakgrunnen for at avansesystemet blei innført er at varene som regel vert kjøpt frå private eller andre som ikkje skal berekne meirverdiavgift ved sal til ein vidareforhandlar. Da det ikkje vil vere nokon inngåande meirverdiavgift å trekke frå for vidareforhandlaren på dei varene han har kjøpt, må utgåande avgift bereknast av heile salsprisen og ikkje berre av meirverdien. For at meirverdiavgiftssystemet skal vere mest mulig nøytralt, blei denne ordninga innført for avgiftspliktige vidareforhandlarar.
I tillegg er det gjort eit unntak frå avgiftsplikta når omsetning skjer i regi av ideelle organisasjonar. Faren for konkurransevridingar i disfavør av andre næringsdrivande gjorde det nødvendig å sette strenge vilkår for når unntaket kan nyttast, blant anna at det berre må nyttast frivillig, uløna arbeidskraft.
Gjenbruksbutikkar med et ideelt formål, men som ikkje baserer seg på slik frivillig, uløna arbeidskraft, vil dermed ikkje kunne nytta seg av unntaket. Dette vil, som representanten nemner, blant anna gjelde Fretex. Desse gjenbruksbutikkane er avgiftspliktige på vanleg måte, noko dei har vore frå det blei innført meirverdiavgift i 1970. Meirverdiavgift skal bereknast av salsvederlaget, og butikkane har rett til å trekke frå inngåande meirverdiavgift på alle innkjøp til bruk i verksemda. For varer som butikken mottek gratis, vil det likevel ikkje være nokon inngåande meirverdiavgift å trekke frå. Fordi varene mottas gratis er det, som representanten også nemner, heller ingen fordel i å kunne nytta ein avansemetode. At varene er gratis, gir desse butikkane likevel ein fordel samanlikna med butikkar som må kjøpe dei varene dei sel.
Representantens forslag ser ut til å ta sikte på gjenbruksbutikkar med eit ideelt formål, slik som Fretex. Det er likevel slik at omsetning av brukte varer også skjer i eit nokså stort omfang utan at det nødvendigvis ligg eit ideelt formål bak. Ei ordning kor plikta til å berekne avgift knyttes til om overskottet brukast til eit ideelt formål eller om sjølve verksemda har eit ideelt formål, vil gi dei aktuelle verksemdene eit konkurransefortrinn samanlikna med ordinære næringsdrivande. Eit slikt unntak vil òg reise nye spørsmål om kontroll og avgrensing. Skal det til dømes berre være dei gjenbruksbutikkane som har eit uttalt ideelt formål som skal omfattast, eller skal unntaket òg gjelde for dei meir kommersielle gjenbruksbutikkane? Og kva for ideelt formål skal i så tilfelle kvalifisere for eit slikt unntak?
Ei utvida unntaksordning, kan bidra til å svekke meirverdiavgifta som ei generell skatt på forbruk. Dagens unntak for omsetning frå ideelle organisasjonar er såpass avgrensa at det ikkje har vesentlege innverknad på provenyet. Det vil kunne bli tilfelle dersom eit unntak skulle gjelde fleire verksemder enn i dag.
Generelt er endringar i skatte- og avgiftssystemet uansett oppe til vurdering i forbindelse med dei årlege budsjettforslaga.