Skriftleg spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1112 (2007-2008)
Innlevert: 16.05.2008
Sendt: 19.05.2008
Rette vedkommende: Kunnskapsministeren
Svart på: 26.05.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Regjeringa har i Soria Moria vedteke eit offensivt mål om at 15 pst. av produksjon og forbruk skal vere økologisk i 2015, og at Regjeringa ønsker at det offentlege skal gå føre som ein ansvarleg forbrukar; så kva for økonomiske tiltak vil Regjeringa sette inn for at det, for kommunane, er eit reelt val om økologisk mat i den heilt eller delvis statleg finansierte skulefruktordninga?

Grunngiving

Etter ønske frå Regjeringa er det utarbeidd og vedteke ei handlingsplan 2007-2010: Miljø- og samfunnsansvar i offentlige innkjøp.
Denne planen stadfester Regjeringa sitt mål i Soria Moria-erklæringa om at både produksjon og forbruk av økologisk mat i 2015 skal vere 15 pst.
Handlingsplanen har kapittel om Mat som grunnleggande element for å oppnå dette.
I handlingsplanen vert det mellom anna lagt vekt på å gjere framtidige forbrukarar, dvs. barn og unge, kjent med økologisk mat gjennom satsing mot barnehagar og skular samt SFO, skulekantiner med vidare.
Handlingsplanen erkjenner vidare at økologisk mat har ein høgare pris enn den konvensjonelt dyrka og produserte. Over tid har det blitt aksept for at meirprisen er i overkant av 25 pst.
Skulefruktordninga som er retta inn mot grunnskulen har to berande element:
- Betalordninga i barneskulen der kr. 1,00 pr. frukt et statleg bidrag.
- Gratisordninga inn mot deler av grunnskulen der staten betaler alt.
Fram til no har det vore mogleg for skuleeigar/skule/elevar i delar av landet å velje 100 pst. økologisk til same pris som konvensjonelt. Etterspurnaden av økologisk mat nasjonalt og internasjonalt, saman med kostnadsauke generelt, har medført prisar som gjer det naudsynt for leverandørane å sette opp prisen med ca. 20 pst. i høve til konvensjonell frukt.
For at skulane skal vere sikre på at alt dei får er økologisk sertifisert, må skulen velje økologisk fullt ut.
Erfaringane har synt at der ikkje er nok betalingsvilje til at der vert skapt semje for 100 pst. der prisen er høgare. Det same har synt seg der kommunane som skuleeigar skal velje. Der er det kommuneøkonomien som tilseier at det billegaste alternativ vert valt.
Eit ekstra tilskot eller ei ekstra prisnedskriving er difor naudsynt for at økologisk skal vere eit reelt alternativt stort nok til at der er forretningsmessig grunnlag for å gi eit tilbod der barn og unge vert kjende med heile spekteret av økologisk frukt og grønt i skulefruktordninga.
Det har vidare synt seg at skulefruktsegmentet er eit komplimenterande incitament for både fruktdyrkarar og gulrotdyrkarar til å satse økologisk. Skulefruktleveransar gjer til at volumet vert umiddelbart høgt utan stor grad av marknadsarbeid. For å oppnå ein høg norsk økologisk fruktproduksjon må omlegginga starte no for å ha håp om auka produksjon fram mot målsettinga i 2015.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2008 løyvde Stortinget 218 mill. kroner til gratis frukt og grønt i ungdomsskolen og i kombinerte barne- og ungdomsskolar. Midla er løyvde over dei frie inntektene til kommunane, det vil seie budsjettkapitlet til Kommunal- og regionaldepartementet.
I berekninga av ressursbehovet for innføring av gratis frukt og grønt, er det ikkje tatt høgde for meirkostnader ved innkjøp av økologisk frukt og grønt. Berekningar i ein rapport om skolemåltid juni 2006, viser at meirkostnadene ved innkjøp av økologiske råvarer kan variere frå 25 pst til 40 pst. Når det gjeld prisnedskriving i samband med abonnementsordninga som blir finansiert over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, blir økologiske og konvensjonelle varer likestilte.
I forslaget i Ot.prp. nr. 40 (2007-2008) om lovfesting av ordninga med gratis frukt og grønsaker blir plikta avgrensa til den ordninga som allereie er sett i gong. Plikta blir i forslaget nedfelt i opplæringslova og privatskolelova og presisert i forskrifter til dei to lovene. Lovforslaget legg opp til at skoleeigar sjølv skal ha ansvaret for å utforme ordninga slik at ho harmonerer med lokale forhold og behov. Sjølv om det ikkje er lagt til grunn ei ordning med økologisk frukt og grønt i skolen, er det positivt dersom skoleeigar sjølv vel ei slik ordning. Det er fullt mogleg for kommunane å leggje til rette for ei ordning ut frå lokale behov, også ei ordning basert på økologiske matvarer.