Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1127 (2007-2008)
Innlevert: 20.05.2008
Sendt: 20.05.2008
Svart på: 27.05.2008 av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Rådmannslag er ein interesseorganisasjon som ikkje er pliktige til å offentleggjere sine rekneskap. Dette har vist seg å vere svært uheldig, og kan resultere i spekulasjonar om "snusk" i rådmannslaga sin aktivitet.
Vil statsråden ta initiativ til at det vert utarbeidd klare retningslinjer for slik verksemd, slik at rådmannslag vert pålagt å offentleggjere sine rekneskap for å belyse sin aktivitet?

Grunngiving

Grunnlaget for spørsmålet er krav om offentleggjering av slik verksemd som har kome etter at NRK avslørte at nokre rådmenn og deira ektefellar har delteke på fleire sterkt sponsa utlandsturar og julebord.
Iflg. NRK skal nokre rådmenn ha reist på sponsa turar til fleire europeiske storbyar.
Grunngjeving for å nekte å levere ut rekneskapa er at rådmannslag er ein interesseorganisasjon som ikkje er pliktige til å offentleggjere slike dokument.
Etter at fylkesleiarane for alle politiske parti i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har oppmoda Sunnmøre rådmannslag om å offentleggjere sine rekneskap, har desse vedteke å offentleggjere rekneskapa for 2006 og 2007, men ikkje for alle åra.
Lagsleiaren i Sunnmøre rådmannslag ønskte å offentleggjere alle rekneskapa, men vart nedstemt. Dermed valte både han og andre styremedlemmane å trekkje seg frå sine styreverv.
Det som har skjedd i Sunnmøre rådmannslag har resultert i mistenkeleggjering av rådmannslaget sin aktivitet, og folk snakkar om at her er det "snusk" i aktiviteten. Når representantar frå rådmannslaget bedyrar at så ikkje er tilfellet, spør folk seg om kvifor dei då ikkje er villege til å offentleggjere sine rekneskap.
Det er svært uheldig at slike situasjonar oppstår, og det kan vere med å mistenkeleggjere både byråkratisk og politisk verksemd. Det bør difor utarbeidast klare retningslinjer for korleis dette bør handsamast og reglar for kva plikt slike "halvoffentlege" organisasjonar har til å offentleggjere sin verksemd.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Eg kan, ut frå det som er opplyst, ikkje sjå at det er påvist noko lovbrot frå rådmannslaget si side. Laget er ei friviljug samanslutning og ein privat organisasjon, sjølv om medlemmene er rådmenn. Kommunelova har ingen føresegner om slike samanslutningar. Som privat organisasjon vil laget ikkje vera omfatta av reglene i den gjeldande offentleglova. Eg legg til grunn at det heller ikkje er underlagt kravet i rekneskapslova om å føre rekneskap.
Når dette er sagt, vil eg peika på at laget etter mi meining kunne ha handsama denne saka på ein betre måte. Når dei vel å halda rekneskapen hemmeleg, kan det lett skapa spekulasjonar hos innbyggjarane om at det ligg føre noko som ikkje toler å koma fram. Størst mogleg openheit ville vera eit bidrag til å stoppa slike spekulasjonar.
Dersom rådmennene har motteke kommunal støtte til verksemda si i laget, er dette noko som etter mi meining talar for openheit. Dokument i den einskilde kommunen om støtte til laget vil då vera offentlege i kommunen etter føresegnene i offentleglova slik dei lyder i dag.
Etter mi meining skal ein tenkja seg godt om før ein eventuelt skulle påleggja alle private organisasjonar rekneskapsplikt, utan omsyn til omfanget av den verksemda organisasjonane driv. Det kan skapa byråkrati og meirarbeid. Eg vil også peika på at det er finansministeren som har forvaltningsansvaret for rekneskapslovgjevinga.
Rådmennene er offentlege personar. Funksjonen som leiarar av den kommunale administrasjonen gjer at dei har ei viktig rolle når det gjeld å utforma og fronta kommunane sitt omdømme. Det er viktig at dei til ei kvar tid har fokus på denne rolla, og ikkje gjer ting som kan setja dette omdømmet i vanry hos innbyggjarane. Dei må vera medvitne på, og halda seg til, kommunane sine etiske prinsipp og retningsliner. Eg vil i denne samanhengen peika på at dersom rådmennene er med på turar som vert sponsa av forretningsinteresser, kan dette føra til at rådmennenene vert inhabile i saker der sponsorane har samband med kommunane.