Skriftleg spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1151 (2007-2008)
Innlevert: 23.05.2008
Sendt: 26.05.2008
Svart på: 03.06.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Vil samferdsleministeren akseptere at det berre vert halvtimes avgangar på dagtid på fergestrekninga Lote-Anda når den nye ruteplanen vert iverksett frå komande årsskifte?

Grunngiving

Det har vore arbeidd i årevis med å få på plass dei nasjonale krava til stamvegferger med halvtimes avgangar mellom Lote og Anda. Ved årsskiftet 2008/2009 skal det etablerast nye ruter, men berre med halvtimesavgangar til kl 19.00. Etter kl 19.00 skal det vere timesavgangar, noko som er eit dårlegare tilbod enn i dag!
Til samanlikning har E39-sambandet Lavik-Oppedal halvtimes avgangar til kl 22.00 og Mannheller-Fodnes avgangar kvart 20. minutt til kl 23.00. Fergesambandet mellom Folkestad og Volda har òg halvtimesavgangar til kl 22.00.
Fergesambandet Lote-Anda er eit svært viktig samband i Nordfjord-regionen, og sambandet er hovudåre på nord-sørsambandet på Vestlandet. Den sterke trafikkveksten dei siste åra viser at dette sambandet er eit nøkkelsamband som treng oppgradering straks.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Ved konkurranseutsetjing av ferjesamband vert driftsstandarden i St. meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 lagt til grunn for fastsetjing av rutetilbodet i konkurransegrunnlaget. Samferdselsdepartementet legg vidare til grunn at ferjesamband som ligg over denne standarden skal vidareføre dette rutetilbodet i anbodssamanheng.
Driftsstandarden legg til grunn 35 daglege rundturar og faste rutetider med halvtimes avgangar i perioden 06:00 – 20:00. Rutetilbodet for Anda-Lote, som skal gjelde frå 1.1.2009, omfattar 35 daglege rundturar med faste halvtimes avgangar i perioden 05:30-19:00. Av omsyn til pendlarar og flypassasjerar som nytter sambandet, har ein vald ein ruteplan med halvtimesavgangar frå kl. 05:30. I tillegg er det lagt inn ein ekstra avgang om natta utover gjeldande driftsstandard.
Sambandet har med kapasiteten på ferja i dag ei gjennomsnittleg attsittjing på under 1 %. I samband med konkurranseutsetjinga vil kapasiteten i sambandet auke med rundt 30 % i høve til situasjon i dag. Slik eg ser det vil dette sikre ei god trafikkavvikling i sambandet frå 1.1.2009.