Skriftleg spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1233 (2007-2008)
Innlevert: 05.06.2008
Sendt: 05.06.2008
Svart på: 13.06.2008 av olje- og energiminister Åslaug Haga

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Oljedirektoratet treng 3-4 gonger så lang tid som førutsett til seismikkinnsamling utenfor Lofoten og Vesterålen. Det betyr at fiskarane lir eit langt større økonomisk tap enn det som var rekna med. Regjeringa vil ikkje innføra ny frikjøpsordning for fiskarane, men berre utvida eksisterande ordning. Trass i dette er det ikkje lagt inn auka overføringar til ordninga i Revidert.
Korleis heng dette saman?

Grunngiving

Oljedirektoratet gjennomfører seismiske undersøkingar utanfor Lofoten og Vesterålen. Områda er særs viktige for fiskeria. Det har vore stilt spørsmål ved om det i det heile teke lar seg gjera å kombinera det intensive fisket med ein så smal sokkel som det her er snakk om.
Difor vart det fremma forslag om å laga ei kompensasjons-/frikjøpsordning for dei aktuelle områda. Regjeringa valde å ikkje laga ei slik ordning, mellom anna fordi innsamlingstida vart mykje lengre enn først forutsett, noko som gjer fiskarane sine tap langt større. Nett difor skulle ein tru at det hadde vore naudsamt å auka overføringane til den eksisterande frikjøpsordninga. Me kan ikkje så at Regjeringa legg opp til ein slik auke i revidert nasjonalbudsjett.

Åslaug Haga (Sp)

Svar

Åslaug Haga: På grunn av problem med seismikkfartyet, fekk Oljedirektoratet ikkje samla inn så mykje seismikk som planlagt i fjor sommar. Mellom anna som følgje av dette har det lenge vore klart at dei ville trenge ein lengre periode for innsamling i år. Det er Oljedirektoratets faglege vurdering at det er naudsynt med fire månaders innsamling i år for å sikre Stortinget eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag når forvaltningsplanen skal bli oppdatert i 2010.
Oljedirektoratet planlegg å samle inn seismikken på så skånsamt vis som mogleg. I tillegg har regjeringa gjort grep for å sørgje for at det viktigaste sesongfiskeriet i perioden, blåkveitefisket, blir påverka så lite som mogleg av Oljedirektoratets innsamling. Det er usikkert i kva grad fiskarane vil lide økonomisk tap som følgje av seismikkinnsamlinga, og kor omfattande erstatningsbehovet som følgje av Oljedirektoratets innsamling vil vise seg å vere. Regjeringa har foreløpig ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å auke løyvinga til denne budsjettposten. Vi må sjå kor mange erstatningskrav som blir reist, og avvente erstatningsnemndas vurdering av desse krava. Dersom det viser seg å vere behov for meir midlar enn dei som er gitt i budsjettet, vil staten måtte løyve meir pengar.
Erstatningsordninga vert finansiert over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett. Eg er informert om at det også er overførte midlar tilgjengeleg på årets budsjett. La meg understreke at vi er opptekne av at erstatningsordninga skal bli godt kjent for fiskerinæringa, og at fiskarar kan få erstatta eit mogleg økonomisk tap som er direkte utløyst av seismikkaktiviteten.