Skriftleg spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til finansministeren

Dokument nr. 15:1329 (2007-2008)
Innlevert: 20.06.2008
Sendt: 20.06.2008
Svart på: 06.08.2008 av finansminister Kristin Halvorsen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Etter omorganisering frå 1.1.08 skulle det vera 13 stillingar ved regionskattekontoret som betener 6 kommunar i Sogn og Fjordane. Det er berre 9,5 stillingar ved dette kontoret. Dette fører til at det ikkje er mulig å ha opningsdagar etter føresetnaden i kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger og Solund.
Kva vil statsråden gjera for å at føresetnaden om kontordagar i alle desse kommunane kan oppfyllast?

Grunngiving

Kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger og Solund er i same region når det gjeld skattekontor.
Då Stortinget, med verknad frå 1.1.02, gjorde vedtak om samarbeid mellom kontora, vart det samstundes vedteke at det skulle vera eit likningskontor i kvar kommune. På det tidspunktet var det 17 stillingar innan etaten i regionen.
Etter ny omorganisering frå 1.1.08 vart det vedteke at regionen skulle ha 13 stillingar og at kommunane skulle ha kontordagar pr. veke etter slikt opplegg: Askvoll 1 dag, Fjaler 5 dagar, Gulen 3 dagar, Hyllestad 1 dag, Høyanger 5 dagar og Solund 5 dagar.
Det viser seg no at regionen berre har 9,5 årsverk. Dette medfører at kontora ikkje greier å oppretthalda dei vedtekne opningsdagane.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Frå 1. januar 2008 vart skatteetaten omorganisert. Fylkesskattekontor, skattefogdkontor og likningskontor er nå erstatta av fem regionvise skattekontor. Kvart skattekontor har fleire kontorstader.
Eg har fått stadfesta at det på grunn av avgang no er til saman 10 tilsette (9,5 årsverk) ved skatteetaten sine kontor i Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger og Solund. Av desse har 7 tilsette sin arbeidsplass i Fjaler, ein i Gulen, ein i Solund og ein i Høyanger. Kontora i Askvoll og Hyllestad held åpent ein dag per veke, mens kontora i Gulen og Høyanger held åpent tre dagar per veke. Sett bort frå Høyanger, der åpningstida er redusert frå fem til tre dagar per veke, er dette i samsvar med det som vart fastsett i samband med omorganiseringa av etaten frå januar i år. Eg har fått opplyst at åpningstida i Høyanger har blitt justert ned til tre dagar på grunn av den låge publikumstilstrøyminga kontoret har hatt.
Eit viktig mål med omorganiseringa av skatteetaten er å auke effektiviteten og kvaliteten på arbeidet gjennom å etablere større fagmiljø. Skatteetaten vurderer derfor å styrkje bemanninga i Fjaler. Frå Askvoll og Hyllestad er det kort reiseveg til Fjaler, der kontoret held åpent kvar virkedag.