Skriftleg spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1336 (2007-2008)
Innlevert: 20.06.2008
Sendt: 23.06.2008
Svart på: 30.06.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Etter at tryggingsrutinane på flyplassar blei endra og gjort meir tidkrevjande i 2007, tok fylkestinget i Møre og Romsdal ansvar for å tilpasse riksvegferjesambanda slik at trafikantar kunne nytte seg av eksisterande flytilbod. Føresetnaden var at staten tok over dette ansvaret frå 1.1.08. Det har ikkje skjedd.
Kva vil statsråden gjere for å styrkje ferjetilbodet på Vestlandet generelt, og for vidare drift av flyferjene spesielt?

Grunngiving

Transportetatane sitt forslag til ny standard for ferjetilbodet for stamvegsamband og andre riksvegsamband tilfredsstiller ikkje trongen til trafikantane på Vestlandet. For å kunne utvikle næringslivet på vestlandet vidare, og for å sikre eit spreitt busettingsmønster, må det bli gjeve tilstrekkeleg statleg stønad til ferjedrifta. Særleg er flyferjene i ein kritisk situasjon, og det er svært viktig at staten tar ansvar for framleis drift av desse.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Utgangspunktet i St.prp. nr. 1 for 2008 var at rutetilbodet i 2008 skulle vere om lag det same som i 2007. Fordi det har vore problem med attsitjing, er tilbodet i Møre og Romsdal styrkt ved at MF Sogn har blitt flytta frå sambandet Flakk-Rørvik til sambandet Molde-Vestnes. Ved rokering av andre ferjer har dette betra situasjonen i fleire samband i fylket. Eg gjer merksam på at flyferjene oppfylte standarden for ferjetilbod i Nasjonal transportplan 2006-2015 (NTP) før fylkeskommunen kom inn med tilskot. Fylkeskommunen sitt vilkår om at staten skulle ta over ansvaret for flyferjene frå 1.1.08 kan ikkje binde statleg prioritering.
Etter som det framleis, sjølv med auken regjeringa har lagt inn i ferjebudsjetta, ligg fleire ferjesamband under NTP-standard. Før vi styrker dei sambanda som ligg over NTP-standard ytterlegare, bør desse sambanda prioriterast.