Skriftleg spørsmål fra Hans Olav Syversen (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1522 (2007-2008)
Innlevert: 15.09.2008
Sendt: 15.09.2008
Svart på: 19.09.2008 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Hans Olav Syversen (KrF)

Spørsmål

Hans Olav Syversen (KrF): En ny lærebok i RLE-faget (tidligere KRL) har byttet ut tidsregningen "etter Kristus" med "etter vanlig tidsregning". Ifølge forlagssjefen er dette skjedd på bakgrunn av læreplanen i det nye RLE-faget. Hun uttaler videre: "Vi ville ta det nye faget seriøst og alvorlig. Vi har tenkt oss om både to og tre ganger, men vi har kommet til at dette er det riktige i forhold til læreplanen".
Er statsråden enig i at læreplanen krever en slik endring i tidsregningen, og er dette en ønsket endring etter statsrådens mening?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Då lovføresegna og læreplanen for RLE-faget vart endra i år, var det som ei nødvendig oppfølging av dom mot faget i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Endringane gjaldt i hovudsak lovføresegna i § 2-4 i opplæringslova og i forordet til læreplanen. Det vart berre gjort mindre justeringar av kompetansemåla i læreplanen.
Spørsmål om endra nemning på tidsrekninga har ikkje vore tema i samband med endringane i RLE-faget. Verken lovføresegna eller læreplanen drøftar nemninga på tidsrekninga, og nemninga på tidsrekninga er ikkje tema i kompetansemåla. Ei slik omlegging frå forlaget si side kan derfor ikkje på nokon måte knytast til endringane i RLE-faget i år.
Ordninga med statleg godkjenning av lærebøker vart avvikla i 2000. Eg vil understreke at dette inneber at departementet ikkje lenger kan leggje føringar på innhaldet i lærebøker og læremiddel. Det er heller ikkje ønskjeleg. Det er no kommunane sitt ansvar å velje læremiddel og å vurdere den faglege og pedagogiske kvaliteten på desse.