Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1564 (2007-2008)
Innlevert: 22.09.2008
Sendt: 23.09.2008
Svart på: 30.09.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Frå Ingvar Olsen, 6977 Bygstad, er det sendt eit brev til samferdselsministeren, datert 08.03.08, vedrørande Nikkino borerigg. Det er sendt purring om svar på dette brevet 14.04.08, 28.04.08, 18.06.08 og 16.07.08, utan at avsendar av første brevet har fått svar frå samferdselsministeren.
Vil statsråden syte for at Ingvar Olsen får eit snarleg svar på sitt brev til Samferdselsdepartementet, datert 08.03.08?

Grunngiving

Det er nødvendig for brevsendaren å kome vidare med utviklinga av boreriggen, og difor er det avgjerande at brevsendaren får eit snarleg svar frå statsråden.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Saka gjeld utvikling av ein gravemaskinmontert borerigg, som Ingvar Olsen ønska å utvikle i samarbeid med Statens vegvesen på andre halvdel av 90-talet. Boreriggen blei aldri realisert, og Statens vegvesen vurderer saka som avslutta allereie i 1999.
Brevet frå Ingvar Olsen til Samferdselsdepartementet gjeld eit ønske om å få hans eige dokument i saka sendt i retur. Eg vil syte for at han får eit svarbrev og alle dokumenta så snart som mogleg.