Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1183 (2008-2009)
Innlevert: 14.05.2009
Sendt: 15.05.2009
Svart på: 26.06.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Regjeringa legg i Nasjonal transportplan opp til å ta meir omsyn til jordvern ved nye samferdselsprosjekt. Det har i den seinare tid vore fleire saker knytt til gang- og sykkelvegar, der Statens Vegvesen står hardt på at det skal vera tre meter mellom vegen og gang- og sykkelstien.
Kva er statsrådens syn på dette, og korleis vil det auka fokuset på jordvern bli følgt opp når det gjeld bygging av gang- og sykkelvegar?

Grunngiving

Regjeringa legg i Nasjonal transportplan opp til å ta meir omsyn til jordvern ved nye samferdselsprosjekt. Det står at det i transportpolitikken må førast ei svært restriktiv linje i omdisponeringa av dyrka jord. Det blir også varsla at departementet vil ta ein gjennomgang av vegnormalane for å sikre at det blir teke tilstrekkeleg omsyn til jordvern. Det har i den seinare tid vore fleire saker knytt til gang- og sykkelvegar, der Statens Vegvesen står hardt på at det skal vera tre meter mellom vegen og gang- og sykkelstien. På sterkt trafikkerte vegar med høg fart verkar eit slikt standpunkt fornuftig, men på vegar med lågare trafikk synest det unødvendig å ha så stor avstand mellom veg og sykkelveg der dette utfordrar jordvernet.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg er særs oppteken av at ein ved nye veganlegg skal finne ein god balanse mellom omsynet til tryggleik og omsynet til å avgrense arealbruken, særleg på dyrka og dyrkbar mark. Det har de seinare tida vore mykje merksemd kring dette i samband med bygging av gang- og sykkelvegar. Ein hadde i 2008 ein revisjon av vegnormalane, der det mellom anna vart lagt meir vekt på jordvern. Eg meiner det kan gjerast endå meir for å styrke jordvernet, og regjeringa varslar dette i St.meld. nr. 16 Nasjonal transportplan 2010-2019.
For breidda på rabatten er standardkravet i vegnormalane 3 m utanfor tettbygde strøk der fartsgrensa er 70 – 80 km/t. Bruker ein rekkverk kan breidda reduserast til 1,5 meter. Bruk av rekkverk har nokre negative sider knytt til mellom anna sikt, tryggleik, drift av gang- og sykkelvegen og kostnader. Ein bør difor ikkje gjere dette til hovudregel.
Ved fastsetjing av ein endra vegnormal når det gjeld avstand mellom sykkelveg og veg er eg oppteken av at omsynet til matjord skal vektast tyngre enn i dag. Eg meiner og ein skal vise fleksibilitet for å finne gode løysingar. Det vil vere naturleg å differensiere ut frå mellom anna fartsgrense, trafikkmengde og terrengforhold.
Dette vil vere føringane når ein no set i gang arbeidet med å følgje opp gjennomgangen av vegnormalane som er varsla i NTP, men eg legg til grunn at desse føringane òg blir gjort gjeldande når ein skal ta stilling til korleis ein skal nytte det handlingsrommet som er i gjeldande normal. Eg vil i den samanhengen peike på at handsaming etter plan- og bygningsloven gjer det mogleg med gode avvegingar av ulike omsyn.