Skriftleg spørsmål fra Hans Olav Syversen (KrF) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1518 (2008-2009)
Innlevert: 01.09.2009
Sendt: 02.09.2009
Svart på: 09.09.2009 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Hans Olav Syversen (KrF)

Spørsmål

Hans Olav Syversen (KrF): Det er fortsatt uro hos private barnehager om hvordan likebehandlingen av offentlige og private barnehager skal skje i praksis. I Oslos vestlige bydeler er de aller fleste barnehager private og en forutsigbar økonomi er av stor betydning. Til nå har derfor det øremerkede statstilskuddet vært svært viktig. Før sommeren ble det varslet at Regjeringen snur og vil ha likebehandling som målsetting.
Hvordan vil dette bli fulgt opp i praksis?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Regjeringa varsla i samband med handsaminga i Stortinget av Ot.prp. nr. 57 (2007-2008) Om lov om endringer i barnehageloven (finansiering av ikke-kommunale barnehager) at ein tek sikte på å oppnå likeverdig handsaming gjennom ein opptrappingsplan over fem år, jf. Innst. O. nr. 103 (2008-2009) frå familie- og kulturkomiteen. Planen vil bli følgd opp i statsbudsjettet for 2010.
Fleirtalet i Stortinget legg til grunn at hovudregelen for likeverdig handsaming blir definert som at kommunen skal syte for kostnadsdekning i alle godkjende barnehagar. Det innebær at kommunen skal dekkje kostnader til drift av barnehagar som ikkje blir dekte av andre offentlege tilskott og foreldrebetaling. Fleirtalet legg òg til grunn at nasjonale forskrifter skal definere ei minimumsplikt for kommunen på same måte som i dag. Regjeringa vil auke minimumsplikta i takt med auken i tilskottet til kommunane. Det vil bli nærmare utforma nasjonale reglar for kva som er meint med likeverdig handsaming.
Lovendringa vil etter planen gjelde frå tidspunktet for innlemming av barnehagetilskotta i rammetilskottet til kommunane i 2011. For å sikre vidare drift i dei ikkje-kommunale barnehagane vil kommunen få en finansieringsplikt overfor barnehagar som har søkt om godkjenning før barnehagesektoren blir rammefinansiert.