Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:18 (2009-2010)
Innlevert: 09.10.2009
Sendt: 13.10.2009
Svart på: 20.10.2009 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Stortinget vedtok ved innføring av makspris at kommunane skulle bruke same nominell sum som i 2003, og at staten skulle dekke lønns- og prisvekst og kostnadar til nye tiltak, og at statlege og fylkeskommunale midlar til drift av barnehagar skulle takast med i den samla offentlege finansiering. Helse Førde ber no Førde kommune overta ein barnehage, dersom ikkje legg dei han ned.
Vil statsråden syte for at dersom Helse Førde skal spare pengar, slik som i dette tilfelle, vil staten syte for kompensasjon til Førde kommune?

Grunngiving

Stortinget vedtok ved innføring av maskpris at kommunane skulle bruke same nominelle sum som i 2003, og at staten skulle dekke lønns- og prisvekst og kostnadar med nye tiltak. Stortinget sa samstundes at statlege og fylkeskommunale midlar til drift av barnehagar skulle takast med i den samla offentlege finansiering. Det må bety at Stortinget føresette at blant anna Helse Førde skulle nytte sama sum til drift av barnehagar som dei gjorde i 2003.
No er ein komen opp i ei sak der Helse Førde ber Førde kommune overta ein barnehage. Dersom Førde kommune ikkje vil overta denne barnehagen, seier Helse Førde at denne barnehagen vert lagt ned. Dette vil igjen føre til at Førde kommune ikkje kan tilby plass til dei med lovfesta rett til barnehage, dersom ikkje Førde kommune sjølv overtek drifta av denne barnehagen.
Helse Førde sparer store driftsutgifter med på kvitte seg med denne barnehagen. Samstundes får Førde kommune statlege signal om at kommunen ikkje får dekka auka tilsvarande kostnadar.
Dersom dette vert resultatet kan det sjå ut som at Regjeringa sin barnehagepolitikk er ein enorm dobblekommunikasjon.
Regjeringa påstår at det vert tilført kommunale midlar for at kommunane skal kunne ha full barnehagedekning, og Regjeringa innfører lovfesta rett til barnehageplass. Samstundes må kommunane ( i dette tilfelle Førde kommune) spare inn midlar frå andre sektorar for å gjennomføre kravet om full barnehagedekning.
I tillegg til at Førde kommune i dette filfelle må finne 1,1 million kr., må dei også finne dekning for rente og avdrag på 5 millionar kr. som Helse Førde krev av kommunen for å overta barnehagen.
Det er forståeleg at Helse Førde må prøve å spare pengar, men burde ikkje staten kompensere dette i den situasjonen som Førde kommune kjem opp i i denne saka.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Regjeringas haldning til situasjonen for sjukehusbarnehagane er definert nærmare i St.prp. nr. 1 (2008-2009). Her heiter det mellom anna: ” Inntil innlemming av barnehagetilskott blir innført, legg regjeringa vekt på at det er viktig at helseføretaka og kommunane finn fram til lokale løysingar, som gjer at talet på barnehageplassar ikkje blir redusert i kommunar der dei trengst for å nå full barnehagedekning. Dette er viktig av omsyn til regjeringas og kommunanes felles mål om full barnehagedekning. Det er òg viktig for at kommunane skal kunne oppfylle lovfesta rett til barnehageplass. ” Stortinget hadde ikkje merknadar til dette i si handsaming av statsbudsjettet for 2009, jf. Budsjett-innst. S.nr. 2 (2008-2009).
Denne løysinga ser ut til å vere krevjande for nokre kommunar og føretak, jf. situasjonen i til dømes Førde kommune. Andre kommunar og helseføretak, har kome fram til løysingar for vidare drift av barnehageplassane, men etter ulike modeller.
Regjeringas mål er full barnehagedekning, dvs. at alle barn skal få oppfylt sin lovfesta rett til barnehageplass. Det er derfor viktig at barnehageplassar ikkje vert nedlagde der det finst udekka behov.
I merknaden til forskrift om likeverdig behandling av barnehagar i forhold til offentleg tilskott heiter det at kommunane kan avkorte sitt tilskott til sjukehusbarnehagane tilsvarande midlar som helseføretaka brukte til drift av barnehagar (sjukehusbarnehagar) i 2003. Denne avkortinga vil falla bort dersom Førde kommune overtek sjukehusbarnehagen. I forslaget til statsbudsjett for 2010, er det ikkje lagt til rette for å kompensere for meirkostnader ved at kommunane eventuelt overtek sjukehusbarnehagar. Eg legg til grunn at helseføretak og kommunar legg vekt på å løyse slike saker i tråd med intensjonane i statsbudsjettet for 2009. Eg vil og nemne at kommunane si auka eigenfinansiering av barnehagar i 2008 har vore drøfta i konsultasjonsordninga mellom staten og KS.