Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:177 (2009-2010)
Innlevert: 12.11.2009
Sendt: 13.11.2009
Svart på: 25.11.2009 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Kommune A har 3000 innbyggjarar og kommune B har 3100 innbyggjarar. Kommune A og kommune B vurderer å starte ein prosess med mål om å slå saman desse to kommunane til ein kommune.
Korleis vil ei eventuell samanslåing av desse kommunane påverke inntektene både på kort sikt (10 til 15 år) og på lang sikt (meir enn 15 år)?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eit konkret svar på korleis ei slik samanslåing vil slå ut, er avhengig av visse føresetnadar. Det følgjer av inndelingslova § 15. Økonomisk kompensasjon ved samanslåing, at staten i ein periode gir kompensasjon for bortfall av rammetilskot.
I samband med samanslåinga av Ramnes og Våle kommunar, la regjeringa i St.prp. nr. 62 (1999-2000) opp til at dagens ordning for inndelingstilskot skal gjerast gjeldande. Inndelingstilskotet skal sikre at kommunane ikkje får reduserte tilskot ved ei kommunesamanslåing. Praksis har vore at den nye kommunen på vanleg måte får alle tilskot som ligg inne i rammetilskotet. I tillegg vil kommunen gjennom inndelingstilskotet få kompensasjon for det kommunen taper i basistilskotet ved å gå frå to til eit tilskot, og det kommunen eventuelt taper i distriktspolitiske tilskot.
Det vart lagd opp til at ordninga skulle gjelde i 10 år etter samanslåinga.
I St.prp. nr. 64 (2001-2002) foreslo regjeringa å innføre ei overgangsordning for kommunane, med ei gradvis nedtrapping av inndelingstilskotet, for at kommunane skal kunne tilpasse verksemda til det nye inntektsgrunnlaget.
Ordninga inneber at inndelingstilskotet vert oppretthalde i si noverande form i dei første 10 åra etter samanslåinga, og at tilskotet etter det vert trappa ned med 1/5 i kvart av dei 5 påfølgjande åra. Dette vart gjort gjeldande frå og med 2002, slik at alle kommunane som i dag får inndelingstilskot kjem innafor overgangsordninga.
I praksis fungerar det ved at ein frys inndelingstilskotet reelt på det nivået det har det året kommunane slår seg saman. Tilskotet vert justert for pris- og lønsvekst. Kommunar som slår seg saman har altså 15 år på seg til å etablere seg som ei større eining.
Når det gjeld konsekvensane ved ei eventuell samanslåing av kommune A og B, vil den nye kommunen ved samanslåing frå 1.1.2011 få fullt inndelingstilskot til og med 2020, med ei gradvis nedtrapping til og med 2025.