Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:424 (2009-2010)
Innlevert: 06.01.2010
Sendt: 07.01.2010
Rette vedkommende: Fiskeri- og kystministeren
Svart på: 13.01.2010 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I St.prp. nr. 1 (2006-2007) vart det varsla at Regjeringa ville leggje fram spørsmålet om Stad skipstunnel for Stortinget på ein eigna måte. Regjeringa ønskte å klarleggje konsekvensane av å auke tunneldimensjonen, medrekna nye kostnadsoverslag, nautiske spørsmål og samfunnsøkonomiske konsekvensar, som iflg. Regjeringa ville innebere at Stortinget tidlegast kunne få dette til orientering i 2009.
Kan eg be statsråden om statusrapport på ovanståande arbeidsoppgåver og kva tid Stortinget vil få omtalte orientering?

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det gjort reie for arbeidet med utgreiing av Stad skipstunnel. I 2007 fekk Kystverket i oppdrag å gjennomføre utgreiingar, med tanke på storleik og nytteverdi av prosjektet. Eit av utgreiingsalternativa er utviding av tunneldimensjonane slik at hurtigrutefartøyet ”MS Midnatsol” og andre fartøy i same storleik kan passere gjennom.
Utgreiinga av Stad skipstunnel med utvida tunnelopning betyr at prosjektet får eit omfang som gjer at det må gjennom ei ekstern kvalitetssikring, i tråd med retningsliner frå Finansdepartementet. Kystverket arbeider med å førebu den eksterne kvalitetssikringa.
I Nasjonal transportplan 2010-2019 er det vist til at regjeringa vil ta stilling til prosjektet og vidare planlegging med utgangspunkt i konklusjonane frå den nemnte kvalitetssikringa. Prosjektet vil bli vurdert for eventuell oppstart mot slutten av planperioden. Ein føresetnad for oppstart er at prosjektet har samfunnsmessig nytte, og at regjeringa går inn for prosjektet. I stortingsmeldinga blir det og vist til at regjeringa på egna måte vil komme tilbake til Stortinget med ei samla vurdering av saka.