Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:611 (2009-2010)
Innlevert: 04.02.2010
Sendt: 04.02.2010
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Svart på: 17.02.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Det er oppretta ei arbeidsgruppe for båtruter på Sognefjorden som har som målsetting å få gjenoppretta riksvegferjer på Fjærlandsfjorden og Nærøyfjorden. Dei nasjonale turistvegane på Aurlandsfjellet og Gaularfjellet gjev dei reisande eineståande naturopplevingar. Ei gjenoppretting av offentlege ferjeruter på Fjærlandsfjorden og Nærøyfjorden vil gjere desse strekningane til ei rundreise med opplevingar i verdsklasse.
Kan statsråden sjå på denne saka og legg til rette for ei slik løysing?

Grunngiving

Arbeidsgruppa som er oppretta for å gjenopprette ferjestrekningane på Fjærlandsfjorden og Nærøyfjorden som riksvegferjer, og gjere dei til ein del av dei nasjonale turistvegane, er breitt samansett. Sogn og Fjordane fylkeskommune, alle kommunane i regionen, Sogn regionråd, lokale reisemålselskap og Visit Sognefjorden står bak denne satsinga.
Transportøren, Fjord 1, ønskjer ikkje å drive Fjærlandsferja på kommersiell basis lenger, og dei kan berre drive ferje på Nærøyfjorden i 3 månader i året. Dette er svært skadeleg for reiselivet i regionen, og for Norge som reisemål. Nærøyfjorden er på UNESCO si liste over verdsarvområde, og fjordane på Vestlandet er fleire gongar kåra til verdas fremste reisemål.
Det er svært uheldig for reiselivsbedriftene i regionen å ha så stor usikkerheit om ferjetransporten på desse fjordane, og det er øydeleggjande for det store potensiale for næringsutvikling i regionen.
Det kunne vere naturleg å handsame ei slik sak i Samferdsledepartementet, men på grunn av at dette er ei sak som nesten utelukkande handlar om næringsutvikling ønskjer eg at næringsministeren ser på saka frå eit næringsperspektiv.
Det hastar med å få avklart kva tilbod som skal presenterast for turistane komande sesong og i åra som kjem, og det hastar ikkje minst for mange reiselivsbedrifter som ønskjer å satse på ei framtidsretta næring i regionen.
Eg vil be næringsministeren i samråd med samferdsleministeren kome med ei tilbakemelding til denne arbeidsgruppa med gode råd for korleis denne saka best kan løysast, og ber om at dette blir gjort snarast råd.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Reetablering av riksvegferjesamband

Ferjesambanda sin funksjon frå ein samferdselspolitisk ståstad er å vera sjøkryssande transportruter. Der nye vegar kjem som erstatning for – og forbetring av – ei transportrute med ferjesamband, vert sambandet nedlagt. I prioriteringa mellom talrike og gode samferdselsprosjekt er det vanskeleg å forsvara investeringar i nye veganlegg til erstatning for ferje, for så å halda fram ferjedrifta parallelt med dei nye veganlegga.
Dei siste 20-30 åra har det vore store statlege investeringar i vegnettet i indre Sogn. Målet for desse satsingane har vore å betra framkomst, trafikktryggleik og transportøkonomi i regionen, og det var ein føresetnad for satsinga at ferjestrekningane Balestrand – Fjærland og Gudvangen – Lærdal vart nedlagt som offentlege ferjestrekningar.
Etter forvaltningsreforma som vart sett i verk 1. januar 2010, er det lagt til grunn at vegar og ferjesamband skal vera riksveg og riksvegferjesamband dersom dei har ein funksjon som koplingar til nasjonale knutepunkt, koplingar til større byområde, er viktige interregionale vegar og/eller er viktige vegar mot nabolanda. Eg kan ikkje gå inn for ei reetablering av Balestrand – Fjærland og Gudvangen – Lærdal som riksvegferjesamband då desse ikkje oppfyller krava til riksvegferjesamband.
I denne samanheng vil eg minna om at fylkeskommunen er ansvarleg for lokal rutetrafikk, og at ein førespurnad om lokal ferjedrift difor må rettast til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nasjonale turistvegar

Strekningane i satsinga Nasjonale turistvegar vart utvalde etter ein grundig prosess i perioden 1999-2004. Grunnlaget var 52 forslag frå reiselivsorganisasjonar, kommunar og fylke med ei samla lengd på om lag 8 500 km. I tillegg vart ei rekkje andre mogelege kandidatar undersøkt. Av omsyn til attraksjonen sin styrke vart talet på strekningar som bør inngå i attraksjonen vurderte til ein stad mellom 15 og 25. Med ambisjonen om å utvikla ein ny turistattraksjon som skal vekka nasjonal og internasjonal interesse, vart det parallelt med synfaringar og vurderingar av strekningane utvikla kriterium for utveljing og planlegging av Nasjonale turistvegar.
Resultatet er 18 strekningar som inngår i ei heilskapleg satsing samtidig som dei skal ha sin eigen identitet. Kravet om særpreg og høg kvalitet på køyreturen resulterte i at den samla lengda på dei føreslegne strekningane vart redusert til 1 650 km og ei gjennomsnittleg lengd på om lag 90 km. Strekningsavgrensinga gjer det mogeleg å kunna konsentrera turistveginvesteringane i arbeidet med å laga ein tydeleg attraksjon med høg kvalitet.
Satsinga på Nasjonale turistvegar er eit investeringsprosjekt med ei eiga løyving på Samferdselsdepartementet sitt budsjett til utvikling av attraksjonen. Det er trong for ei statleg løyving på totalt vel 1 800 mill. kr. i heile prosjektperioden frå 1993 til 2016 for å utvikla 18 fullverdige turistvegstrekningar, og den finansielle utfordringa er såleis betydeleg i åra framover for å gjennomføra den vedtekne satsinga. Å supplera eller forlenga med nye strekningar er såleis ikkje aktuelt i prosjektperioden. Det ligg heller ikkje midlar til ferjedrift i Nasjonal turistvegprosjektet.
Frå staten si side vil ferjedrift på dei nemnde strekningane vera å sjå på som sjølvstendige opplevingar og ikkje som forlenging av Nasjonale turistvegar, som alt har føreteke ei streng prioritering av strekningar.
Eg kan på denne bakgrunn ikkje sjå at det er grunnlag for at dei nemnde ferjerutene skal etablerast som riksvegferjesamband med statlege løyvingar til drifta.